Sjå stor bileteserie frå kongebesøket

For ein dag! For ein fest! For ei bygd! Og ikkje minst – for eit kjekt besøk!

Kongeparet ute på "festplassen" på Ishavsmuseet. Mange bygdefolk helsar kongen med flagg. - Klikk for stort bilete Victoria Rinde  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Mange hadde gledd seg til den store dagen, og mange hadde stått på både seint og tidleg for å øve på innslaga, få i stand Tusenårsplassen, rigge scene, halde kontroll på detaljar, pusse bunadssølv og mykje meir.

Då var det ein ekstra god kjensle at alt klaffa. Ja, til og med vêret var på vår side denne torsdagen. Og det er ingen sjølvfølgje har vi fått kjenne på denne sommaren.

Hareid kommune var siste stopp på fylkesturen til kongeparet. I pressemøtet på Ishavsmuseet sa kongeparet at dei no gledde seg til å kome heim for å sortere alle minna. Vi også kan glede oss over mange kjekke minne. Vi har samla nokre av dei i denne bileteserien. Ser du nokon du kjenner? Eller ser du kanskje deg sjølv?

Som mange påpeika gjennom dagen, tåka låg også og luska og skapte magisk stemning i 1986 då kong Olav var her med kongeskipet for å markere 1000-årsdagen for slaget ved Hjørungavåg.

Med frå den gongen hadde vi også talarstolen som Olav talte frå. I dag var det kong Harald som nytta han. I talen sin nemnde kongen at han sette pris på at vi hadde henta fram talarstolen igjen. «De lange linjene går gjennom vår felles norgeshistorie – og akkurat i dag går de her i Hareid», sa han.

LES OGSÅ: Kong Haralds tale på Hareid

Tusen takk til all som bidrog til at dette blei ein dag for Hareid-historia – vår historie!

Alle foto: Victoria Rinde