Sjå video frå folkemøte om reiselivsatsinga

Dei fem kommunane på Ytre Søre har gått saman i ei reiselivsatsing. Tysdag blei det halde eit innleiande folkemøte.  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møtet er det fyrste i samarbeid med Hareid kommune og Ulstein kommune.

I videoen kan du sjå innleiingane av Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein; Tom skrede, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Jan Sverre Sivertsen frå 2469 Reiselivsatsning.

Etter innleiingane sette deltakarane seg saman i grupper og diskuterte fem spørsmål:

  • Kvifor treng vi besøkande?
  • Kva har vi å tilby dei som besøker oss?
  • Kvar og når vil vi ha besøkande?
  • Kven vil vi invitere heim?
  • Korleis får vi tak i dei som skal besøke oss?

Det vil kome eit fyldig referat frå møta og gruppeoppgåvene på eit seinare tidspunkt.