Sjå video: Innspelsmøte om helsehuset

Medverknadsråda var samla for felles presentasjon og innspelsmøte om helsehuset.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er tre råd som har til oppgåve å gi kommunen råd i saker som gjeld gruppene dei representerer.

Helsehuset er eit prosjekt der det i høgste grad er relevant å hente innspel frå desse råda.

Du kan sjå video frå møtet her:

På møtet deltok arkitektane, prosjektleiarar og entreprenør.

Etter møtet, fekk dei tre råda opplæring i det å vere folkevald.