Slik kan også undervising sjå ut

Dei tilsette og elevane på Hareid skule er svært heldige som har moglegheit til å ta undervisinga utandørs med skulebåtane.

To båtar ute på fjorden. Det er klarver, men kaldt, dagen er i ferd med å demre - Klikk for stort bilete Aurora Dimmen Bratli

Denne veka fekk halve 7. trinn vere med ut på sjøen, og neste veke skal resten av elevane få prøve seg. For nokre var dette første gong i båt, medan andre hadde erfaring frå før. Uansett vart det ei lærerik økt som både var  spennande, utfordrande og veldig kjekk!

Elevane fekk lære om sjøvettreglar, fortøying av båt og samarbeid om praktiske oppgåver. Dei fekk også kjenne på eigne grenser og erfare kor viktig det er å vere trygg og merksam på sjøen. Det var dessutan ganske kaldt, så elevane fekk ei nyttig påminning om kor viktig det er å kle seg godt når dei skal vere ute på sjøen.

LES OGSÅ: Hareid-elevane sitt nye klasserom finn du på sjøen

Vi hadde også ei gruppe på rullering som var på land. Dei besøkte Flømannbuda og fekk høyre om historia til denne, ei flott moglegheit til å lære meir om lokal kystkultur og tradisjonar.

Som ein ekstra bonus fekk vi sjå Hareid frå eit heilt nytt perspektiv, noko som gjorde opplevinga endå meir spesiell.

Vi håpar på å få bruke båtane vidare utover våren, slik at vi kan fylle på med endå meir praktisk og variert læring. Neste steg er fiskereiskap og fisking!

På sikt er målet at alle skulane i Hareid kommune kan få bruke båtane i si undervising.

Båt på fjorden med ungdomar i. Tidleg, kald vintermorgon. - Klikk for stort bilete Aurora Dimmen Bratli Båt på fjorden med ungdomar i. Tidleg, kald vintermorgon. - Klikk for stort bilete Aurora Dimmen Bratli