Slik vil elevane på Hjørungavåg at skulegarden skal vere

Klatrevegg, hinderløype, skute og frisbi-golf. Det er nokon av tinga elevane har meldt inn at dei vil ha.

Victoria Rinde, FAU-leiar ved Hjørungavåg skule, viser fram forslaget frå Hjørungavåg-elevane til ordførar Bernt Brandal. Erlend Friestad

1. juni var elevar ved fjerde og femte klasse ved Hjørungavåg skule på besøk på rådhuset. Der møtte dei ordførar Bernt Brandal og kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad.

Målet var å finne ut kven som hjelper andre i samfunnet vårt. Elevane hadde mange kloke spørsmål om skatt, offentlege/private tenester og om korleis tilsette i kommunen vår hjelper andre.

Noko av det dei lurte på var korleis dei sjølv kunne påverke sin eigen kvardag, og då var skulegarden eit sjølvsagt tema. Ordføraren informerte om at han og dei andre folkevalde gjerne ville ha innspel frå elevane sjølv.

O der tok dei han på ordet! Fram mot sommarferien har elevane ved skulen nemleg jobba med innspela sine. Dei har kvar for seg teikna og skrive sine forslag, så har elevrådet vald ut dei beste forslaga:

Klatrestativ, leikeskute, parkour-hinderløype, skaterampe, karusell, zip-line, trehytte, små, flyttbare fotballmål, nye fotballar, kanonballbane, svingstong i forskjellig høgde, klatrevegg på skuleveggen

Sjå teikningane i biletekarusellen under. Trykk på dei for å få opp større bilete.

Nyleg var leiar i FAU, Victoria Rinde, på rådhuset for å overlevere forslaga til ordføraren.

- Dette er veldig bra engasjement og spanande forslag elevane kjem med. Dette må dei andre medlemmane  i kommunestyret få sjå, sa ordføraren og inviterte representantar for elevane til neste kommunestyremøte 14. september.

Der skal elevane få nytte open talarstol til å leggje fram forslaga sine. Dei skal få vise fram teikningane sine og forklare kva dei ønsker og kvifor.

Open talarstol er ei ordning der alle innbyggarar i Hareid kan få kome og seie si meining eller stille spørsmål til dei folkevalde eller administrasjonen.