Håbakknotten er den femte mest populære Stikk Ut-turen i Hareid kommune.
Erlend Friestad
I ei tid der landet er prega av sorg, ønskjer Stikk UT å invitere folk ut i naturen, gjerne saman med andre. Kong Harald var glad i ski, jakt, fiske, sjøen og friluftsliv. Friluftslivet var ein viktig del av livet hans, og han representerte mange av verdiane som står sterkt i norsk friluftsliv: naturopplevingar, fellesskap og tilhøyrsle.
Gode naturopplevingar styrkjer folkehelsa
Friluftsliv handlar om meir enn fysisk aktivitet. Det handlar også om fellesskap, gode opplevingar og eit pusterom i kvardagen. I Hareid har vi kort veg til flotte naturopplevingar, enten du vel ein tur langs sjøen, i nærmiljøet eller til fjells.
Stikk UT er ein del av arbeidet med ABC (Act-Belong-Commit) for god psykisk helse, som er ein nasjonal folkehelsekampanje som handlar om å bygge og styrke psykisk helse for heile befolkninga. Gjer noko aktivt, gjer noko saman og gjer noko meiningsfullt. Ein enkel tur kan gi både påfyll av energi og gode møte med andre.
Festivalen handlar om gleda ved å vere ute. Alle kan vere med, uansett alder og form.
Slik blir du med:
Finn eit Stikk UT-turmål i appen
Ta turen åleine eller saman med familie, venner eller kollegaer
Registrer turen i Stikk UT-appen
Årets tema: Ta med ein venn ut
🎁 Ekstrapremie
Verv ein ny Stikk UT.brukar, og bli med i trekninga av flotte premier. Les meir her.
Vi oppmodar alle i Hareid til å nytte den flotte naturen vi har rundt oss og bli med på Stikk UT-Festivalen.
Her er oversikt over årets Stikk ut-turar i Hareid