Stolt mottakar av Tilgjengelegheitsprisen 2022!

Onsdag denne veka var representantar frå Hareid kommune tilstades på folkebiblioteket for å motta Tilgjengelegheitsprisen 2022 for prosjektet «Hareid helsehus».

Bilete av ei kvinne og tre menn under ei prisutdeling. - Klikk for stort biletePergunn Rødseth Gjerdsbakk mottek blomar og diplom på vegne av Hareid kommune. Her saman med representantar frå Noregs Blindeforbund Møre og Romsdal, f.v. leiar for fylkeslaget, Kai Corneliussen, medlem i Tilgjengelegheitsutvalet, Thor Tyslum og leiaren i same utval, Roy Austerslått. Johanne Krogstadmo

Hareid Helsehus vart offisielt opna 7. mai 2021 og har ei sentral plassering, midt i Hareid sentrum, eit steinkast frå busshaldeplass, ferje og hurtigbåt. Bygget husar bibliotek i 1. etasje, helsestasjon og fylkestannlegeklinikk i 2. etasje og legesenter og NAV-kontor for kommunane Hareid, Ulstein og Sande i øverste etasje.

Tidleg involvering

Noregs Blindeforbund har som overordna mål å kjempe for samfunnsmessig likestilling for blinde- og svaksynte og andre med funksjonsnedsetjing. 

Både innbyggarar, Blindeforbundet og Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne vart tidleg orientert og involvert i prosessen då Helsehuset skulle byggast. Dei involverte partane nytta onsdag høvet til å snakke fram det gode samarbeidet.

Leiar for fylkeslaget, Kai Corneliussen, helste velkomen på vegne av Blindeforbundet og gav deretter ordet vidare til Thor Tyslum, medlem av Tilgjengelegheitsutvalet i Møre og Romsdal.

Thor har vore ei eldsjel i prosjektet heilt sidan Helsehuset berre var eit råbygg og innleia med å fortelje om folkemøtet på Hareid i mars 2020, der Hareid kommune hadde kalla inn for å orientere om planane og for å opne opp for innspel frå alle.

Forsamling av menneske i eit bibliotek. - Klikk for stort bilete Johanne Krogstadmo

– At innbyggarane vert tekne med på råd når eit offentleg bygg skal setjast opp, er inga sjølvfølge. Det veit vi som jobbar tett på desse prosjekta. Eg opplevde å gå frå det møtet med ei god kjensle av at her var det forståing! Der og då vart det presentert teikningar og tankar som låg til grunn for bygget. Der og då vart det stilt ein del spørsmål frå folket – og det vart gjeve svar! Her var det tydeleg at det var ei klar forståing for og vilje til å byggje eit bygg med tanke om at alle skulle kome lett til, fortalde ein engasjert Tyslum.

Vidare peika han på at dette bygget er eit heilt unikt bygg i Hareid.

– Hugs på at dette bygget rommar eit konsentrat av mykje av det ein har behov for i livsløpet frå ung til olding! Kunnskap og læring, ulike typer helsetenester, tilrettelegging av arbeidsforhold, utbetalingar til livets opphald. Her i dette bygget skal store og små kunne kose seg med ei bok i ein krok eller vandre oppover i etasjene for «reparasjonar» av ymse slag, sa Tyslum og hausta nikk og latter frå dei frammøtte.

Moglegheit til å med- og påvirke

Thor Tyslum berømma Hareid kommune for å ha teke med Blindeforbundet og Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne på totalt fire befaringar – den siste i desember 2021.

-Ei slik handsrekning frå myndigheiter, utbyggar, entreprenør og arkitektar har gjort dette til eit samarbeid utan like, med innsikt og innspel vi faktisk aldri hadde høyrt om før. Ein kan vere stolt over måten dette samarbeidet er gjennomført på. Hareid helsehus kan slik framstå som eit fyrtårn både regionalt og sentralt. Vi opplevde aldri motstand mot verken å ta imot innspel eller mot å utføre desse ønska i tråd med myndigheitene sine krav. Det har vore ei glede å vere med, både som brukar og representant for brukarane, sa Tyslum.

Begrunning

I begrunninga for prisen viste leiar av Tilgjengelegheitsutvalet, Roy Austerslått, blant anna til at Hareid kommune med dette bygget kan vere ein ressurskommune innanfor området universell utforming i Noreg.

«NBF Møre og Romsdal har vært med fra tidlig stadium av utbyggingen slik at våre ønsker og krav har blitt formidlet under selve byggeprosessen. Totalinntrykket er at alle våre krav til universell utforming er tilfredsstilt på en eksemplarisk måte. Vi vil i tillegg påpeke den positive innstillingen og innlevelsen til våre krav og ønsker som både byggherre, arkitektfirma og entreprenørselskapet har vist under hele prosessen. Hareid kommunes involvering av brukerrepresentantene i både planlegging og gjennomføringen av bygget kan stå som et skole-eksempel for andre utbyggere» skriv forbundet i grunngjevinga si.

Hareid kommune

Stolt, audmjuk og takknemleg

Johanne Krogstadmo

Ein tydeleg rørt leiar for eigedomsavdelinga i Hareid kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, tok imot blomebukett og diplom på vegne av kommunen og takka alle gode samarbeidspartnarar og alle som har vore involvert gjennom heile prosessen.

– Takk for eit fantastisk samarbeid til Sporstøl Arkitekter og HS Rise Bygg - denne prisen delar vi med dykk alle! Og dette hadde heller ikkje blitt så bra om det ikkje var for eldsjela Thor Tyslum, avslutta ho.

Ordførar Bernt Brandal takka også på vegne av Hareid kommune.

– Rettleiing og gratis konsulenthjelp som Blindeforbundet har ytt i denne prosessen har vore uvurderleg. Tilrettelegging slik at alle kan nytte eit bygg er enormt viktig og dersom tilrettelegging av bygg fører til at grupper vert ekskluderte, så har faktisk heile prosjektet mislukkast. Så igjen, tusen takk for prisen – det er utruleg inspirerande for oss og eg er viss på at det også vil vere til inspirasjon for andre.   

Godt utnytta areal

Sporstøl arkitektar har teikna bygget og arkitekt Sygni Johansen Røsbø fortalde til slutt litt om utfordringane ein kan møte på i denne typen oppdrag.

Bilete av tre kvinner og ein mann i eit bibliotek. - Klikk for stort bileteSporstøl arkitekter har teikna bygget - f.v. Stine Ertesvåg Sporstøl, Ingvill Arhaug Bovill og Sygni Johansen Røsbø og HS Rise Bygg har hatt entreprisen, her representert ved Peter Rise. Johanne Krogstadmo

– Det er særs gjevt å få denne prisen, ettersom regelverket vi er nødt til å følgje er komplisert – med mykje «bør» og lite «skal». Kvart einaste prosjekt er ulikt det førre og innspel vi fekk i dette prosjektet var veldig fine å få, for då kunne vi heile tida orientere oss mot kva som var «rett» her i huset, utan at det vart anten «for mykje» elller «for lite» hensyn til dei ulike brukargruppene. Det har vore eit spennande prosjekt som heile Hareid har kunne samla seg om, sa ein glad arkitekt.

HR Rise Bygg har hatt hovedenterprisen og var representert ved Peter Rise. Han peika og på at det har vore ein omfattande prosess, der det heilt frå dag 1 vart gjort ein formidabel jobb for å finne gode løysingar for alle leigetakarar.

– På prosjektmøta var det ein Ja-mentalitet frå første stund! I dag er bygget utnytta fullt ut, over det heile – alle har fått løyst alle behov, og det er ingen uutnytta plass til overs!