Tanja Leirvik vann eigenberedskapsutstyret som blei lodda ut då kommunen øvde på å setje opp informasjonspunkt. I tillegg til vassdunkane fekk ho gassbrennar, kokeutstyr, gass og batteri.
Erlend Friestad
Alle som deltok og registrerte seg, var med i trekninga av eigenberedskapsutstyr verdt 1000 kroner, sponsa av Biltema. Den heldige vinnaren var Tanja Leirvik. Ho kunne derfor hente vassdunkar, gassbrennar, kokesett, gass og batteri på rådhuset fredag.
- Eg synest øvinga var nyttig og informativ. Det gav oss eit spark bak til å skaffe oss eigenberedskap. Og så var det jo gøy å vinne, eg har ikkje så mykje vinnarlukke elles, så dette var stas, fortel Tanja Leirvik.
Øvinga på biblioteket på helsehuset onsdag 28. oktober var ein del av eigenberedskapsveka. Målet var både å teste korleis kommunen opprettar og bemannar informasjonspunktet, og å gjere innbyggarane kjende med kvar dei får informasjon dersom mobilnettet og internett fell ut. På førehand hadde frivillige frå Saniteten og Lions gått dør-dør for å informerer om punktet, øvinga og generell eigenberedskap.
LES OGSÅ: Gjekk 200 timar for innbyggarane
Saniteten stilte også opp med stand og frivillige på øvinga. Der hadde dei mange gode samtalar med innbyggarar som hadde spørsmål om eigenberedskap.
Hareid kommune
Fekk tips i retur
Røde Kors, Heimevernet, Saniteten og Sivilforsvaret deltok også på øvinga. Saniteten og Sivilforsvaret hadde stand. Beredskapsaktørane hadde mange gode samtalar med innbyggarane som kom til informasjonspunktet. Dei fekk også gode råd om eigenberedskap frå innbyggarane sjølve.
Eitt av tipsa var at fiskestenger og anna fiskeutstyr er god eigenberedskap. Vi bur på ei øy med lang kystlinje og mykje god mat i fjorden som kan vere godt å ha om det knip. Eit anna tips var å bruke batterilys i staden for vanlege stearinlys. Då får du lys utan open flamme, noko som også er tryggare om du har barn i huset. Batterilysa kan stå på om natta, slik at det ikkje er kolsvart dersom du må stå opp.
LES OGSÅ: Dette bør du ha på plass før krisa kjem
Om informasjonspunktet:
Dersom mobilnettet og internett fell ut, opprettar Hareid kommune eit informasjonspunkt på biblioteket på helsehuset, i Kjøpmannsgata 16. Der får du informasjon om kva som har skjedd, korleis kommunen organiserer tenestene sine, og korleis du bør handtere situasjonen. Kommunen vil også formidle informasjon frå overordna styresmakter og leverandørar. Opningstidene vil variere etter situasjonen. Når punktet ikkje er bemanna, finn du informasjon på plakatar i vindauget mot Eurospar. Oppslaga skal vise når informasjonen blei hengt opp, og når neste oppdatering kjem.
Det er dei tilsette ved servicetorget og biblioteket som skal bemanne informasjonspunktet i ein krisesituasjon. Frå venstre: Anne Vasstrand, Erlend Friestad, Kristian Stråmyr, Johnny Berge, Ann Kristin Sørensen, Sissel Nevstad og Bente Elvebu.
Hareid kommune