Tilgjengeligheitspris 2022 til Hareid kommune for Hareid helsehus

Noregs Blindeforbund Møre & Romsdal vil dele ut årets Tilgjengeligheitspris imorgon, onsdag 28.9. kl. 11.00 på Hareid folkebibliotek.

Bilete av bygning i gatemiljø. - Klikk for stort bileteHelsehuset har ei sentral plassering, midt i Hareid sentrum, eit steinkast frå busshaldeplass, ferje og hurtigbåt. Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Noregs Blindeforbund skriv blant anna dette i si pressemelding:

"Hareid Kommune har i løpet av dei 2 siste åra bygd eit heilt nytt helsesenter i Hareid sentrum - Hareid Helsehus.

Gjennom tett dialog med Noregs Blindeforbund Møre & Romsdal, og fleire befaringar undervegs i byggeprosessen, har krav og ønskjer om universell utforming, og tilgjengeligheit, blitt godt møtt og utforma på ein eksemplarisk måte. 

Noregs Blindeforbund M&R vil difor dele ut årets Tilgjengelighetspris til Hareid Kommune for Hareid Helsehus.

Tildelinga vil finne stad på Hareid folkebibliotek i Hareid Helsehus, onsdag 28. september kl. 11.00.

Leiar for fylkeslaget, Kai Corneliussen, og andre representantar for Blindeforbundet vil være tilstades, samt ordførar i Hareid, Bernt Brandal og Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, leiar for eigedomsavdelinga i Hareid Kommune."