Tilreisande til Seinsommarfest?

Hareid kommune er stolt bidragsytar til Seinsommarfest. Nytt gjerne vår kommunale gjestehamn eller bubilparkering.

dronefoto av festivalområdet - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Seinsommarfest går av stabelen no til helga. Det blir eit kjekt program som femnar mange målgrupper. Berre sjå desse høgdepunkta:

  • Hildegunn & Leif-Per Show og fredagsquiz i teltet
  • Cars & Coffee laurdag
  • Barnefestival med mellom anna Bjørnis, blålysshow, klovnar, ansiktsmaling, hoppeslott, brannbåt og Eliasbåt
  • Trippelkonsert med Hit Station, Ole Hartz og Kameratene og Knekt
  • UKM-festival med kunstutstilling og sceneshow

 

Fullstendig program finn du på Opplev Hareid sine nettsider.

Dersom du kjem til festen med bubil eller båt, må du gjerne nytte den gjestehamna eller bubilparkeringa. Begge deler ligg i svært kort avstand til festivalområdet.

Kartet viser kvar festivalområdet (F) ligg i forhold til gjestehamna (G) og bubilparkeringa (B). Gulesider