To personar har omkome etter eit lynnedslag i på Melshornet

Politiet har frigitt namna på dei omkomne.

Klikk for stort bilete Kariann Bigseth     

Klikk for stort bilete- Dette er ei djupt tragisk ulukk, seier ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal. Erlend Friestad/Hareid kommune  Møre og Romsdal politidistrikt har offentleggjort namna på dei to personane som omkom etter lynnedslaget på Melshornet søndag ettermiddag. I ei pressemelding skriv dei følgande:

"Det var den 18 år gamle Benedicte Myrset og den 12 gamle søstra Victoria Myrset frå Oslo som omkom då dei vart råka av eit lynnedslag på fjellet Melshornet i Hareid søndag ettermiddag.

Møre og Romsdal politidistrikt frigir no namna på dei to omkomne i samråd med dei pårørande.

Det var tre søstre i turfølgjet som vart råka av lynnedslaget. Den tredje vart skadd og er innlagt ved Haukeland universitetssykehus. Oppdatert informasjon om skadetilstanden er ikkje tilgjengeleg."

Hareid kyrkje har ope til kl. 21.00 i kveld i høve ulykka. For meir informasjon sjå her.

***

- Dette er ei djupt tragisk hending. Eg har stor medkjensle med dei pårørande, sa ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal, om ulukka søndag kveld.

I tillegg til dei to omkomne, er ein person hardt skadd og frakta til Ålesund sjukehus. Alle dei tre i turfølget er kvinner. Dei tre er ikkje frå Hareid, men var på ferie her.

På ein pressekonferanse klokka 20 søndag, informerte politiet om at ulukka skjedde nært toppen av Melshornet.

Representantar frå Hareid kommune sitt kriseteam er til stades på Ålesund sjukehus for å støtte dei pårørande. 

Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka 17. Då var det eit voldsomt uvêr med mykje lyn og torden, melder NRK.

Det var luftambulansen som fekk henta ut den skadde personen saman med ein av dei omkomne. Den siste omkomne blei også henta ut med helikopter.

- Vêret har vore voldsomt i dag og det har skifta voldsomt raskt. Ingen kunne forutsjå at det kunne gå slik, sa ordførar Bernt Brandal søndag kveld.

Det var fleire redningsaksjonar i Møre og Romsdal søndag på grunn av uveret.

Vi har førebels ikkje meir informasjon å kome med.

Media kan kontakte politiet på telefon 02800 for meir informasjon.