Erlend Friestad
Hareid hamn har fått inn tre nye cruiseanløp til sommaren 2027. Frå før av er det planlagt to anløp sommaren 2026. Det betyr at vi no har fem planlagde cruise-anløp. Og meir kan det bli.
Linn Giske Friedl frå Hareid cruisenettverk var nyleg på den store cruisemessa Seatrade Global i Miami. Dette er ein enorm cruise-happening med over 10.000 deltakarar, 600 utstillingar og 75 cruise-selskap.
- Eg hadde gode samtalar med fleire av cruisereiarlaga om anløp til Hareid og opplevingar i kommunen. Dei kjenner no til destinasjonen, og eg er spent og gler meg til å sjå korleis dette utviklar seg dei neste månadane, fortel ho.
Også det lokale næringslivet var representert, så kommunen var godt synleg på messa.
Fekk du med deg denne?
Hareid kommune har nettopp lansert sin splitter nye turistbrosjyre på engelsk.