Hareid kommune
Målet er at dei skal få utfalde seg og uttrykke seg gjennom kunst og kultur. Her kan dei få vere med å arrangere, danse, synge organisere, fotografere, male, filme eller kva som helst.
Gjennom året har vi arrangert ulike UKM-workshops der ungdomane kan få lære nye ting, eller utvikle interessene sine. Vi har hatt workshop i til dømes foto og street art og dette vil bli vist fram på UKM- kunstutstillinga.
Kunstutstillinga vert på Ungdomsklubben og det er mange flotte kunstverk som blir vist fram.
Sceneshowet blir på utescena i festivalområdet ved Rådhuset og det blir både song, dans og band med meir.
Mange flinke ungdomar er engasjert i dette denne dagen, og det er vel verdt å ta seg ein tur. Gratis inngang.
Sjå film frå fjorårets UKM:
15.00 Festivalområdet opnar
16.00 Kunstutstilling på Ungdomsklubben
18.00 Show frå utescena i festivalområdet
Sjekk gjerne Facebook-sida til Ungdom i Hareid for meir informasjon.