I helga brann det eit større område med gras og lyng ved det populære turmålet Dalsnuten i Sandnes kommune i Rogaland.
Sørvest politidistrikt
Gult varsel for brann i januar er svært uvanleg. Årsaka er ein uvanleg tørr, stabil og nedbørsfri vêrtype som har dominert store delar av landet den siste tida. Meteorologisk institutt melder at det ikkje er venta nedbør dei neste ti dagane, noko som gjer at faren held fram.
Dette betyr gult farevarsel
Ifølgje Meteorologisk institutt kan vegetasjonen lett antennast, og store område kan bli råka dersom det først oppstår brann. Rådet frå Meteorologisk institutt er klart: Ikkje bruk open eld.
Brannvesen i fleire fylke har allereie hatt fleire utrykkingar til mindre gras- og lyngbrannar dei siste dagane, ofte knytt til bråtebrenning som har kome ut av kontroll. I helga brann eit større område i Sandnes kommune i Rogaland.