Erlend Friestad
Det blir ei helg med mange kjekke arrangement for store og små.
Berre sjå her:
- Cars&Coffee, quiz, musikk og politisk debatt
- Barnefestival med Bjørnis, blålysshow, hoppeslott, Eliasbåten, ansiktsmaling, sceneshow og mykje meir
- Turmagisk foredrag med Alexander Read
- Trippelkonsert med Loveshack, Sunnmøre Baarelag og Adrians katt
- UKM-festival med sceneshow og kunstutstilling
Heile programmet får du nedst i artikkelen.
Les meir under biletet.
Kjem du med bil eller båt, så er det kort veg frå gjestehamn og bubilparkering til festivalområdet.Hareid kommune lagar UKM-festival
Vi gler oss stort til UKM-festival igjen – flinke ungdomar, positiv energi, godt humør og engasjement. Kjekt å sjå så mange talentfulle unge som deler kreativiteten sin. Det er mange påmeldt, og vi er sikre på at både kunstutstillinga og sceneshowet blir veldig bra!
Hugs å sette av denne dagen i sommarferien – dette vil du ikkje gå glipp av!
Program:
- 16.00 Kunstutstilling på Ungdomsklubben
- 18.00 Sceneshow på utescena til Seinsommarfest
- 20.00 Afterparty på Ungdomsklubben
Kom og bli med! Ta med deg ein nabo, foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, gode vennar, eller kom åleine. Her blir mykje kreativitet å sjå og høyre!
Har du lyst å delta med kunst, som arrangør eller på sceneshowet? Vi har framleis plass til fleire! Meld deg på her eller ta kontakt med kulturleiar Melinda Skeide
Alexander Read og familien jaktar på turmagienJAKTEN PÅ TURMAGIEN
Hareid kommune og Seinsommarfest har også eit samarbeid i anledning Friluftslivets år og har invitert Alexander Read til å bli med på Barnefestivalen.
Vi inviterer til eit turmagisk foredrag, «Jakten på turmagien», for store og små med Alexander Read frå «Mina og meg» på Barnefestivalen laurdag 9. august. Barnefestivalen er ein del av Seinsommarfest.
Alexander er kanskje betre kjend som «Daddy» frå TV2-seriane «Mina og meg», samt for sitt samfunns-engasjement som friluftsrettleiar og ekspedisjonsfarar og formidlar av korte og lange turar i norsk natur.
Saman har Alexander, Mina og veslesyster Lilje vandra i fjellet på kryss og tvers i fleire år, sommar og vinter, i jakt på turmagien. For det skjer nemleg noko heilt spesielt når fjellguiden i front er ei lita jente på 2, 4 eller 7 år.
I sitt foredrag tar Alexander deg med inn i ei magisk verden spekka med turmagi. Ei verd der troll er like ekte som deg og meg, og der også dei krevjande dagane på tur er med å forme både små og store eventyrarar. Samtidig som vi får bli med på ei inspirerande forteljar-reise proppfull med tips og triks, gir han oss også rom til ettertanke. For kva er eigentleg ein god tur med barn om vi vaksne klarer å legge vekk vaksenhovudet vårt? Og kva slags relasjon har vi, og ønsker oss, i møte med naturen i dagens hastige verd med stadig meir skjermtid og stillesitting?
Dette foredraget osar av eventyrlyst og turglede ispedd ein real dose ettertanke og nye friske perspektiv. I etterkant av foredraget vil Alexander vere saman med oss i parken.
Program
Fredag 08.08.24
17.00 Opning av festivalområdet
17.00-19.00 Cars & Coffee
17.30-19..30 Politikardebatt
20.00 Fredagsquiz
Musikk og god stemning utover kvelden
Laurdag 09.08.24 BARNEFESTIVAL
11.00-16.00 Mykje kjekt for små og store!
11.00-12.00 “Jakten på turmagien”, ved Alexander Read frå “Mina og meg”
12.00-15.00 Aktivitetar i Parken:
Speidarane
Hareid Sanitetslag
Bjørnis
Tare
Hareid IL Handball
Blålyshow
Bumperballs
Snekring med Byggern Hareid
Klovnar, hoppeslott, ansiktsmaling mm
Eliasbåten ved Gjestehamna/Sauna
15.00-16.00 Sceneshow med konfransier Beate Blindheim Kvalsvik
KONSERT
20.00 Dørene opnar
21.00-02.00 Trippelkonsert med Sunnmøre Baarelag, Loveshack ,og Adrians'katt
Søndag 10.08.24
12.00 Friluftsgudstjeneste på Skafjellet
UKM - FESTIVAL
16.00-17.00 Kunstutstilling på Ungdomsklubben
18.00 Sceneshow
20.00 Afterparty på Ungdomsklubben