Bernt Brandal, Sissel Nevstad, Annika Brandal, Kristian Stråmyr og Heidi Kvalsvik oppmodar alle til å stille som bøssebærarar 18. oktober.
Erlend Friestad
Bøssebærarane er sjølve ryggrada i TV-aksjonen. Dei gjer aksjonen synleg i lokalsamfunnet og gir alle høve til å bidra, også dei som ikkje bruker digitale betalingsløysingar.
Har du to timar til overs denne søndagen?
Registrer deg her
Dei som ikkje får registrert seg, kan kontakte frivilligsentralen ved Heidi Kvalsvik på.
Telefon: 70095136 / 41930282
frivillig@hareid.kommune.no
Per 5. oktober manglar vi 39 av 63 bøssebærarar.
Dette går TV-aksjonen til i år
Nær 120 millionar menneske er på flukt frå krig, konflikt og forfølging. 40 prosent av dei er barn. Pengane frå TV-aksjonen 2026 går til NRC Flyktninghjelpen og skal gi meir enn 400 000 menneske tryggare og betre butilhøve i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Pengane skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og varige heimar, reint vatn og gode sanitærforhold og juridisk hjelp. Målet er å gi familiar eit trygt husvære og eit betre grunnlag for å byggje opp kvardagen på nytt.
Over 12 millionar er, som desse barna, på flukt i Syria etter mange år med borgarkrig og uro.
Tina Abu Hanna