
Det er ikkje for vår eigen del, men for at du som innbyggar skal vere mest mogleg opplyste om det vi driv med i kommunen.
Vi har moglegheit til å sende ut automatiske påminningar til alle dei som ikkje opnar nyheitsbreva våre. Det har vi testa i nokre høve. Til no har vi ikkje fått negative reaksjonar (direkte eller gjennom avmeldingar).
Spørsmålet er: Skal vi gjere dette til ein fast praksis?
Fordelane er at fleire får med seg nyheitene. Risikoen er at det blir oppfatta som mas, og folk melder seg av.
Svar på dette skjemaet om du har meiningar – anten du er for eller mot påminningar.