Formannskapet røysta for å flytte pengar slik at denne, til no, mellombelse vegen mellom Plassane og hovudvegen kan gjerast permanent.
Erlend Friestad
Sakene har vore innom ulike folkevalde organ før kommunestyret skal gjere endelege vedtak.
Under kan du lese eit samandrag av dei viktigaste sakene.
Heile saklista med sakspapir kan du lese her.
Oppretting av felles beredskapsråd med Ulstein, Herøy og Sande kommunar
Sande kommune har teke initiativ til å etablere eit felles beredskapsråd for Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Bakgrunnen er eit ønske om tettare samarbeid innan samfunnstryggleik og beredskap, og å styrkje samhandlinga mellom kommunane og andre sentrale aktørar.
Det føreslegne rådet skal vere eit rådgjevande og samordnande organ. Her kan kommunane dele erfaringar, utvikle felles situasjonsforståing og koordinere arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering. Politiet, Sivilforsvaret, Forsvaret, næringslivet og frivillige organisasjonar er mellom aktørane som kan bli involverte.
Kommunedirektøren tilrår at Hareid kommune sluttar seg til samarbeidet og godkjenner dei føreslegne retningslinjene.
Både levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet var samrøystes for å bli med i det felles beredskapsrådet, det same var formannskapet.
Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Permanent stenging av Kvitholvegen?
Dei folkevalde i næring- og miljøutvalet skal ta stilling til framtidig bruk av Kvitholvegen. Saka er reist på bakgrunn av fleire meldingar om høg fart, utrygge trafikkforhold og utfordringar for mjuke trafikantar på den smale grusvegen.
Administrasjonen har vurdert ulike alternativ, mellom anna oppgradering av vegen, fartsdempande tiltak og permanent stenging. Erfaringane frå perioden med mellombels stenging vinteren 2025/2026, samstundes som grunneigarane framleis hadde tilkomst til eigedomane sine, blir trekte fram som positive
Kommunedirektøren tilrår at Kvitholvegen blir permanent stengd for gjennomkøyring, med moglegheit for opning ved særlege behov.
Næring- og miljøutvalet røysta for å stenge vegen.
Formannskapet si innstilling er at Kvitholvegen framleis skal vere open for gjennomkøyring utanom vintersesongen. Vegen skal vere stengd for gjennomkøyring i vintersesongen, og kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje tidspunkt for stenging og opning ut frå veg- og vêrforhold. Stengingspunktet skal så langt råd plasserast slik at grunneigarane har tilkomst til eigedomane sine frå respektive side av stenginga. Vinterstenginga inneber ikkje ordinær vinterdrift eller brøyting av den stengde delen av vegen, men vegen skal kunne opnast ved særlege behov og av beredskapsomsyn.
Kommunestyret ønskjer at fartsgrensa på heile Kvitholvegen vert sett til 40 km/t.
Kommunedirektøren vert beden om å gjennomføre nødvendig prosess og naudsynte skiltvedtak i samsvar med gjeldande regelverk. Det vert òg etablert eit eigna fartsdempande tiltak i austre del av Kvitholvegen, og kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje nærare plassering og utforming.
Kvitholvegen skal ha låg drifts- og vedlikehaldsstandard. Det ordinære årlege vedlikehaldet vert inntil vidare avgrensa til om lag eitt gruslass. Ut over dette skal det berre gjennomførast tiltak ved akutte eller ekstraordinære skadar eller faretilhøve som ikkje forsvarleg kan handterast gjennom skilting eller andre enkle tiltak.
Vegen skal skiltast slik at trafikantane vert tydeleg gjorde merksame på at Kvitholvegen er ein grusveg med låg standard og ujamn vegbane. Naudsynte fareskilt og annan relevant skilting vert etablert i samsvar med gjeldande regelverk.
Ordninga skal evaluerast etter to år. Evalueringa skal mellom anna omfatte trafikktryggleik, erfaringar frå bebuarar og grunneigarar, funksjonen til vinterstenginga og faktiske kostnader til drift og vedlikehald. På bakgrunn av evalueringa tek kommunestyret stilling til om ordninga skal vidareførast eller endrast.
Formannskapet ber administrasjonen undersøke om der er avtalar med vegrett eller anna som er til hinder for stenging.
Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Budsjettmidlar til vegopning
Kommunestyret skal behandle ei sak om å flytte investeringsmidlar til prosjektet prosjektet som gjeld kumseparering i Vadbakkane. Årsaka til flyttinga er at prosjektet var meir omfattande enn ein først trudde, og anleggstrafikken gjer det naudsynt å gjenopne anleggsvegen mellom Plassane og hovudvegen.
Bakgrunnen for sjølve kumsepareringa er at eksisterande vasskummar og tilhøyrande armatur er i dårleg stand og ikkje fungerer slik dei skal.
Dagens leidningsnett er gamalt, og ved feil eller lekkasjar må kommunen i dag stenge av store område. Det kan få konsekvensar for mange abonnentar samtidig. Når arbeidet er ferdig, vil kommunen få betre kontroll med vassforsyninga og kunne avgrense avstengingane til mindre område dersom det oppstår feil.
Det er også ein pågåande lekkasje i området på over 170 kubikkmeter vatn per døgn. Lekkasjen kan ikkje lokaliserast før kummane er bytte ut. Store mengder reinsa vatn går difor tapt ut i terrenget, og tiltaket er viktig både for ressursbruk og miljø.
Vegen frå Kjøsaplassen ned til hovudvegen nedom Plassane blei etablert mellombels som del av utbyggingsprosjektet når bustadfeltet på Plassane blei laga til. Etter at prosjektet blei avslutta i 2025, blei vegen stengd etter pålegg frå fylkeskommunen. Ei permanent opning krev løyve frå fylket og utbetring av siktsone og kryss i tråd med strengare krav til permanente kryss.
Vegen gjennom det nye bustadfeltet Plassane og vidare ned Melshornvegen til fylkesvegen er betre dimensjonert for anleggstrafikk enn dei andre kommunale vegane i området. Ei opning vil difor kunne redusere behovet for vedlikehald på tilstøytande kommunale vegar.
Ei permanent opning vil også kunne betre trafikktryggleiken generelt i området, fordi meir av trafikken blir leia direkte ned til hovudvegen. Det vil vere positivt for mjuke trafikantar og kan gjere det lettare for utrykkingskøyretøy å kome raskt fram.
Etter oppstart av Vadbakken-prosjektet har administrasjonen sett at det eksisterande leidningsnettet har større behov for separering enn først anteke, mellom anna fordi leidningsnettet ligg noko annleis enn det kartsystemet viser. Det er henta inn tilbod på utbetring av siktsona etter fylket sine krav.
Kommunedirektøren tilrår ei budsjettendring der 1 million kroner blir flytta frå investeringsprosjektet Avløp Overåsanden og 1 million kroner frå Avløp – Sjøleidning / reinseanlegg indre molo til prosjektet VA Kumseparering Vadbakken. Omdisponeringa aukar ikkje låneramma på sjølvkost for 2026.
Formannskapet røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren.
Vil ha nynorsk i Wattn sine digitale tenester
Kommunestyret har også fått ei tilleggsinnkalling med interpellasjon om nynorsk i Wattn sine digitale tenester. Interpellasjonen er fremja av Annika Brandal i Hareid Venstre og gjeld at Wattn har fjerna nynorsk frå appen og nettsidene sine.
I interpellasjonen blir det vist til at Wattn i 2021 fekk Noregs Mållag sin nynorske næringslivspris for satsinga på nynorsk, men at selskapet no har valt å bruke berre éi målform i dei digitale kanalane. Grunngjevinga frå selskapet er ifølgje interpellasjonen at dei ønskjer éi målform for å vere meir synlege i digitale søk, og at 97 prosent av brukarane har valt bokmål.
Hareid Venstre meiner saka handlar om meir enn ei språkinnstilling i ein app. Dei viser til språkleg likestilling, identitet og ansvaret offentleg eigde selskap har for å spegle verdiane og språket til eigarkommunane. I forslaget til vedtak blir ordføraren beden om å ta opp saka med Wattn, på vegner av kommunen som eigar i Tussa Kraft AS, og arbeide for at nynorsk igjen blir tilgjengeleg som språkval i Wattn sine digitale tenester.
Valkrinsar
Sak om valkrinsar er utsett til neste møtesyklus for å unngå kontroversielle saker i sørgeperioden etter kong Harald Vs død. (Sørgeperioden er over til kommunestyretmøtet, men saka har ikkje vore handsama i underliggande utval.)