Vil styrke vaksne si rolle: Inviterer til ope fagtreff om ungdom, psykisk helse og ekstremisme

Tilsette, folkevalde og føresette er inviterte når SLT-koordinatorane i Hareid og Ulstein arrangerer fagtreff på Sjøborg 13. oktober. Gjennom faglege innlegg frå nasjonale ekspertar og lokalt politi får deltakarane kunnskap og råd om korleis vaksne kan bidra til trygge oppvekstmiljø for barn og unge.

Silje og Vedrana på scena på Sjøborg kulturhus. - Klikk for stort bileteSilje Kiperberg Aksnes og Vedrana Terzic er SLT-koordinatorar i høvesvis Hareid og Ulstein kommunar. Janne-Marit Myklebust

Fagtreffet set søkelys på nokre av utfordringane barn og unge møter i dag, mellom anna ekstremisme og radikalisering, psykisk helse, relasjonar og kommunikasjon mellom ungdom og vaksne.

 

Aktuelle tema frå sterke fagmiljø

Blant innleiarane er Cathrine Thorleifsson, fyrsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Oslo. Ho leier den nasjonale ekstremismekommisjonen og vart kåra til årets forskingsformidlar i 2024. Ho vil snakke om trendar innan ekstremisme og kva grep som kan bidra til førebygging.

Kvifor lukkar nokre barn og unge seg inne, medan andre tør å opne seg? Psykologspesialist Kirsten Holtmon Resaland er ein av landets mest engasjerande formidlarar om ungdom, psykisk helse og gode relasjonar. Ho kombinerer over 20 års erfaring med forskingsbasert kunnskap og historier som treff rett i hjartet. Ho har skrive dei kritikarroste bøkene Helt ærlig og Snakk til meg!, og har særleg engasjement for evnerike barn, angst og autisme. 

 

Lokalt perspektiv

Arrangementet får også bidrag frå politiet. Arne Sæter, radikaliseringskontakt for politiet i Møre og Romsdal, og Henrik Vikebakk Sandstad, politikontakt for Ulstein og Hareid, deler erfaringar og perspektiv frå lokalt førebyggande arbeid.

 

Gratis billettar for føresette

Det er reservert gratis billettar til føresette som ønskjer å delta. Billettar kan hentast via Sjøborg sine nettsider. Tilsette, folkevalde og andre inviterte får informasjon gjennom jobbkalenderen.

Gratis billett 

 

Program

Kl. 14.00-14.10 Velkomen og informasjon om SLT-arbeidet i Hareid og Ulstein ved Vedrana Terzic og Silje Aksnes.

Kl. 14.10-14.55 «Trendar i ekstremisme og grep for førebygging» ved Cathrine Thorleifsson.

Kl. 14.55-15.10 Pause med kaffi og frukt.

Kl. 15.10-16.10 «Snakk til meg!» ved Kirsti Holtmon Resaland.

Kl. 16.10-16.40 Lokalt perspektiv frå politiet ved Arne Sæter og Henrik Vikebakk Sandstad.

 

Om SLT

SLT står for Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Målet er å sikre at ressursane i kommunen og politiet blir samordna slik at barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår.