Viser Norge-Elfenbenskysten på storskjerm – OBS avgrensa plassar

Hareid IL og Hareid kommune gjentek suksessen og inviterer til fotballfest i Hareidhallen i kveld!

Mange menneske på tribune som strekk henda framover - klare til å ro - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

 

Dørene opnar klokka 1830.

Klokka 19.00 viser vi 16-delsfinalen mellom Noreg og Elfenbenskysten på storskjerm. Dette er vinn eller forsvinn for Ståle Solbakken sine menn. Det ser ut til at vår lokale helt Fredrik Aursnes startar på benken, men sjansane er gode for at han får eit innhopp likevel.

Vi håpar å fylle hallen med born, unge og familiar til eit kjekt og inkluderande arrangement. 

No kryssar vi fingrane for at Noreg ror sigeren i land!

 

OBS: Avgrensa plassar

For å få vise denne kampen gratis, har vi ikkje lov å sleppe inn fleire enn mak 300 personar. Denne grensa er absolutt og vi kjem til å handheve ho strengt. Vi risikerer nemleg saftige gebyr om grensa blir broten. Vi forstår at det kan vere kjipt å bli avvist i døra – men alternativet er å ikkje sende kampen på storskjerm i det heile tatt.