Evaluering

Evaluering

Identifisering og oppfølging av barn og unge er eit område der målet heile vegen må vere å levere best moglege tenester ut frå ressursar, kompetanse og moglegheiter. Difor må vi kontinuerleg utvikle og evaluere, og eventuelt justere, dei tiltaka vi har sett i verk på alle tre nivåa.

Kommunalt nivå

Samarbeidsforum for barn og unge er styringsgruppa til BTS i Hareid kommune, og status, utvikling og evaluering av BTS er jamleg tema i dette forumet. Her sit også kommunalsjefane i velferd og i læring og kultur, og ved behov kan dei løfte saker til kommunedirektøren si leiargruppe.

Etatsnivå

Arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge skal systematisk evaluerast i alle einingar i deira interne møte.  Einingane er tett på brukarane, og følgjer arbeidet tett. Det er også tverrfaglege møter der tenestene snakkar om utfordringar, kva tiltak vi har og korleis tiltaka fungerer. Tverrfagleg team er eit slikt type fora. Den einskilde tilsette har også eit ansvar for å ta opp endringar som kan betre tenestetilbodet.

Individnivå

I Hareid kommune vil vi jobbe med jamleg evaluering av BTS-modellen som er utarbeida. Prosjektleiar har ansvar for oppdatering av nettportalen, og vil nytte eit årshjul for korleis og når dette arbeidet skal gjennomførast. Dei som brukar modellen har også moglegheit for å gi elektronisk tilbakemelding inne i modellen. Dette vil bidra til at vi jamleg kan tilpasse modellen brukarane sine behov.