Medverknad

Medverknad

I Hareid kommune ynskjer vi å ha fokus på medverknad, og at brukaren si stemme skal kome med både på individnivå, etatsnivå og kommunalt nivå. Den kompetansen kvar enkelt brukar har er verdifull og viktig å lytte til.

Brukarmedverknad på kommunalt nivå:

Både barn/unge og foreldre har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere den det gjeld. Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, og er dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velje å forhalde seg til eller ikkje. Brukarmedverknad er nedfelt i fleire lover, blant anna brukar- og pasientrettigheitslova, helse- og omsorgstenestelova og lov om arbeids- og velferdsforvaltninga. Brukarmedverknad har som mål å betre kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell innflytelse på val og utforming av tenestetilbod.

Hareid kommune har også tilbod om open talarstol på kommunestyremøta. Her kan innbyggjarar i Hareid kommune kome med meiningsytringar eller stille spørsmål frå kommunestyret sin talarstol:

  • Det kan vere ein god idé for Hareid kommune du vil leggje fram.
  • Det kan vere eit spørsmål du vil stille dei folkevalde eller administrasjonen.
  • Det kan vere ein visjon for Hareid-samfunnet.
  • Eller det kan vere noko anna du meiner passar å ytre frå talarstolen i kommunestyret.

Spørsmåla og ytringane skal helst vere av prinsipiell karakter og skal gjelde kommunale tilhøve. Det er heller ikkje lov å ytre seg eller ta opp saker som står på saklista.