Kong Harald 1937-2026: - Vi har mista ein samlande konge

Kong Harald 1937-2026: - Vi har mista ein samlande konge

Kong Harald V gjekk bort 28. august klokka 0635. Han blei født 21. februar 1937 og blei 89 år gamal.

kong Harald V og dronning Sonja framfor ishavsskuta Polarstar i samband med kongebesøket i Hareid kommune i 2022 - Klikk for stort bileteKong Harald V og dronning Sonja under kongebesøket i Hareid kommune 1. september 2022. Victoria Rinde

- Med Kong Harald har Noreg mista ein samlande konge med ei sjeldan evne til å møte menneske med varme, respekt og ekte interesse. Eg var så heldig å få møte kongeparet ved to høve, og det eg sit sterkast att med, er nettopp denne nærleiken – ein konge som såg menneska han møtte. Tankane mine går til dronning Sonja, kongefamilien og alle som no sørger, seier ordførar Bernt Brandal.

Hareid kommune flaggar no på halv stong frå våre kommunale bygg.

Kong Harald og dronning Sonja besøkte Hareid kommune i 2022. Då fekk dei sjå ein kommune som viste seg frå si beste side. Kongeparet fekk mellom anna sjå, lokale musikarar og koristar, turnarar og mange glade innbyggarar.

Kong Harald uttrykte stor takksemd for velkomsten han fekk:

- Som alltid på våre reiser i landet merker vi godt at de lokale fellesskapa trår til med dugnadsånd og bidrar stort når vi kjem på besøk. Dette er Dronningen og eg svært takksame for, sa kong Harald i talen sin 1. september 2022.

Her kan du lese heile talen og sjå video frå besøket.

Kondolanseprotokoll og blomster

Vi legg til rette for at dei som ønsker det kan leggje ned blomster eller tenne lys på kaia på Tusenårsplassen – plassen der kong Harald møtte oss – og tok farvel frå i 2022.

Hareid kommune har lagt ut kondolanseprotokoll på sjukeheimen og på biblioteket. Sjå her for opningstider.

LES OGSÅ: Råd for arrangement i sørgeperioden

kvite roser på kaia ved tusenårsplassen - Klikk for stort biletePå tusenårsplassen kan dei som vil leggje ned blomster eller tenne lys. Det var her kong Harald møtte oss i 2022 - og det var her vi tok farvel med han. Erlend Friestad

 

Hareid kyrkje

Kyrkja vil også vere opa. Her kan du tenne lys signere kondolanseprotokoll eller teikne teikningar. Opningstider er klokka 13-17 fredag, laurdag og søndag.