NY FRIST: Kva meiner du om Hareid kommune?
Denne våren får innbyggarane i Hareid kommune nok ein gong moglegheit til å seie kva dei meiner om korleis det er å bu i kommunen og tenestene våre. Kva er bra og kva kan bli betre?
Kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad held opp motivet som kjem på postkortet du snart får i postkassa.
Kristian Stråmyr
Det er fjerde gongen kommunen arrangerer ei slik undersøking og det gir oss moglegheit til å samanlikne resultatet og sjå trendar heilt tilbake til 2019.
Svara vil derfor vere eit godt grunnlag for å avgjere korleis vi skal drive kommunen vår. Både administrasjonen og dei folkevalde set stor pris på at du tek deg tid til å svare.
Ny, utvida svarfrist 9. juni!
Dersom du ikkje har fått postkort i postkassa, eller har rota det vekk, og ønsker å svare - send e-post til vivilvite@hareid.kommune.no snarast, så skal du få passord og lenke til undersøking.
Døme på spørsmål er:
- I kva grad trur du kommunen din har godt omdømme?
- Kor nøgd er du med korleis folkevalde i kommunen lyttar til innbyggjarane sine synspunkt?
- I kva grad har du tillit til at kommunen behandlar like saker likt?
- Kor nøgd er du med tenestene til kommunen?
- Kor nøgd er du med serviceinnstillinga hos dei tilsette i kommunen?
- Kor nøgd er du med oppvekstmiljøet til barn og unge?
- Kor nøgd er du med møteplassar der du kan treffe andre?
Slik svarer du
- I løpet av veke 21 (frå 19. mai) vil alle husstandar i Hareid kommune få eit postkort i postkassa si. Det er Hareid Sanitetslag som står for utdelinga.
- Alle innbyggarar som er 18 år eller eldre (eller fyller 18 i 2025), kan delta
- Du svarer på undersøkinga på nettsida svar.bedrekommune.no.
- For å få tilgang, må du bruke eitt av dei to passorda som står på kortet
- Dersom husstanden har meir enn to vaksne – til dømes heimebuande barn som er over 18 (eller fyller 18 i 2025) – kan du kontakte oss på vivilvite@hareid.kommune.no for å få tilsendt ekstra passord.
- Dei aller fleste spørsmåla vil vere identiske med dei de svarte på i 2019, 2021 og 2023. Det gir oss ein unik moglegheit til å samanlikne oss med oss sjølv.
- Har vi klart å forbetre det vi ikkje var gode på?
- Har vi klart å ta vare på det som vi har lukkast med?
- Svarperiode: Postkorta vil kome i postkassen i løpet av veke 21. Du kan svare på undersøkinga frå så fort du får postkortet og til og med måndag 9. juni (ny frist).
- Dersom du ikkje har fått postkort innan 25. mai, kan du sende e-post til vivilvite@hareid.kommune.no for å få tilsendt koder.
Ikkje-digital?
Det er i utgangspunktet berre mogleg å svare digitalt på undersøkinga. Vi veit at ikkje alle får til det utan hjelp. Vi oppmodar deg som ikkje klarer å fylle ut digitalt sjølv om å få hjelp frå familie eller vener til å svare. Vi har lagt til rette for papirsvar tidlegare i undersøkingsperioden, men under den utvida fristen er ikkje dette mogleg.
Publisert 07.05.2025 13:52
Sist endra 05.06.2025 09:06