Er du uroa for at nokon tenkjer å ta livet sitt?

Er du uroa for at nokon tenkjer å ta livet sitt?

Ved akutte situasjonar - ring legevakta på 116 117 eller naudnummer 113.

Mange som er i ei krise veit ikkje kvar dei skal henvende seg. Enkelte har det så vanskeleg at dei ikkje er i stand til å hjelpe seg sjølv. Då er det viktig at de som er i nærleiken tek initiativ og snakkar med vedkommande. Det å spørje nokon om dei har tankar om å ta sitt eige liv vil ikkje gjere det vanskelegare, men det kan bidra til å redde liv.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kva teikn skal ein sjå etter?

Faresignal:

  • Teikn på psykiske vanskar, særleg depresjon (tristheit, følelsar av håplausheit)
  • Sterk angst, ytre og/eller indre uro
  • Snakkar om å dø eller om sjølvmord
  • Sosial tilbaketrekking
  • Aukande bruk av rusmiddel
  • Tidlegare sjølvmordsforsøk

Faresituasjonar:

  • Tap eller brot i nær relasjon
  •  Andre tap eller negative hendingar (jobb, utdanning, økonomi)
  • Utsett for vald eller psykiske traumar
  • Nyleg fått diagnostisert alvorleg sjukdom
  • Sosialt isolert

Kven kan eg kontakt for råd og rettleiing?

Fleire kommunale tenester kan gje råd og rettleiing om du er bekymra for om nokon du kjenner har tankar om å ta sitt eige liv.

Du kan kontakte:

Du kan også søkje råd og rettleiing hjå hjelpetelefonar og organisasjonar:

Hjelpetelefonar:

Organisasjonar: