Kva kan eg sjølv gjera når det vert vanskeleg?

Kva kan eg sjølv gjera når det vert vanskeleg?

Ved akutte situasjonar - ring legevakta på 116 117 eller naudnummer 113.

Om tankane om å ta eige liv vert framtredande er det bra å på førehand ha tenkt igjennom kva du sjølv kan gjera for å lette situasjonen. Lag deg ein tryggleiksplan som du kan ta fram om du treng den.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Tenk igjennom og skriv ned kva som kan hjelpe deg for å unngå å handle ved sjølvmordstankar:

  • Faresignal som til dømes tankar, følelsar og åtferd du bør vera merksam på
  • Tidlege teikn på krise og faktorar som aukar risiko for sjølvmordsåtferd.
  • Hjelp du kan få frå familie, venner og anna nettverk.
  • Kontaktinformasjon til tenester og personar du ynskjer å involvere når teikn eller symptom er under utvikling, og korleis du skal ta kontakt.
  • Korleis du ynskjer å bli møtt og kva du meiner er god hjelp og behandling.

Tilsette i helsetenesta kan hjelpe deg å lage ein tryggleiksplan.