Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Salsløyve

Salsløyve

Butikkar som skal selge alkohol, må søke om salsløyve. Den gjeld for drikke med høgast 4,7 volumprosent alkohol.

Bensinstasjoner, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Korleis få salsløyve

Løyven kan verte gitt til personar eller selskap som har det økonomiske ansvaret for driften av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysingar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og avløysar. 

Korleis søke om salsløyve?

Elektronisk søknadskjema for salsløyve.

Du må vere styreleiar eller dagleg leiar for å kunne representere selskapet. I søknadskjemaet må du opplyse oss om du skal starte ein ny stad som ikkje har løyve frå før eller om du skal ta over og drive ein eksisterande stad. 

Skal verksemda endre styrar eller stedfortredar må ein nytte dette skjemaet.

Vedlegg som må følgje søknaden

  • Aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisor sin stadfesting på eigarforholda i verksemda 
  • Opplysingar om eventuelle andre eigarforhold
  • Dokument som leigekontrakt, framleigekontrakt eller franchiseavtale
  • Stadfesting på at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøven
  • Eventuell kjøpekontrakt

Informasjon om kunnskapsprøven.

Saksbehandlingstid?

Saksbehandlingstiden er inntil tre måneder frå du har sendt oss alle nødvendige opplysingar og dokument.
Søknaden blir sendt på høyring til politiet, NAV sosial og Skatteetaten.

Behandlingstiden kan verte lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller om du gjer endringar undervegs i søknadsprosessen. 

Kontakt

Helga Bøe
leiar
E-post
Mobil 92 83 27 86
Johnny Berge
arkivansvarleg
E-post
Mobil 94 86 43 77