Korleis få plass ved SFO?

Korleis få plass ved SFO?

Du søker om SFO-plass i foreldreportalen til Vigilo. Det kan du gjere via appen eller nettsida.

Søknadsfristen er kunngjort i lokalpressa og på Hareid kommune si heimeside. Ved søknad om plass utanom årleg søknadsfrist, vil opptak vere avhengig av om det av økonomiske og praktiske omsyn er mogleg å tilpasse eit tilbod.

SFO er eit tilbod til barn i 1.-4. klasse.

Slik blir barna prioritert dersom det er stor pågang:

  • barn frå 1. og 2. trinn
  • barn med særlege behov 3.-7. trinn
  • barn frå 3. og 4. trinn

Du kan velje mellom to typar plass:

  • heil plass, 24 timar i veka
  • halv plass, 12 timar i veka

Plass i SFO gjeld frå tildeling fram til og med 4. klasse eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen.

Rektor ved Hareid skule har ansvar for opptak av barn til ferietilboda. Det vert kravd ekstra betaling for ferieopphald. Søknad om ferietilbod skjer ved eigen SFO.

Stadfeste, endre eller seie opp SFO-plass

Når du har fått tilbod om SFO-plass, må du takke ja eller nei til dette tilbodet inne i Vigilo.

Du brukar også Vigilo til å endre eller seie opp SFO-plassen.

Her er prisoversikt for SFO.​

Det er mogleg å søke om redusert betaling eller gratis tilbod. Også dette gjer du via Vigilo.

Her finn du meir informasjon om SFO-ordninga i Hareid kommune.