SLT – førebygging av rus og kriminalitet

SLT – førebygging av rus og kriminalitet

SLT står for Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak.

SLT-modellen er eit hjelpemiddel for å samordne rus og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge. I ein kommune er det mange enkeltpersonar og offentlege instansar som bidreg i dette arbeidet. Modellen skal bidra til å koordinere informasjon, kunnskap og ressursar mellom kommunale aktørar og politi, samt næringsliv og frivillige organisasjonar når det er naturleg.

Vi samarbeider med Ulstein kommune om SLT, og arbeidet er organisert på tre ulike nivå:

  • Politirådet – styringsgruppa for SLT-arbeidet. I rådet sit ordførarane, varaordførarane, kommunedirektørane og SLT-koordinatorane i Hareid og Ulstein kommune, og politistasjonssjef og kommunane sin politikontakt.
  • Koordineringsgruppa – representantar frå ulike etatar og fagavdelingar i dei to kommunane.
  • Det utførande arbeidet – dei som står for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Dette er alle som er i direkte kontakt med barn og unge, og som utfører dei tiltaka som styringsgruppa og koordineringsgruppa har bestemt.

SLT-koordinatoren si  rolle er å samordne, systematisere, koordinere og vere eit bindeledd mellom dei tre nivåa i SLT-modellen. I Hareid kommune er det folkehelsekoordinatoren som er SLT- koordinator.

Her kan ein lese meir om SLT

Kontakt

Silje Kiperberg Aksnes
vikar folkehelsekoordinator/SLT-koordinator
E-post
Mobil 95 89 12 89