Formannskapet sitt framlegg til budsjett for 2026 - Hareid kommune

Formannskapet sitt framlegg til budsjett for 2026

Formannskapet sitt framlegg til budsjett for 2026

Formannskapet har vedteke eit budsjettframlegg. Det skal liggje ute på høyring i minst 14 dagar. 

Det er kommunestyret som skal gjere endeleg vedtak. 

 

Kort om framlegget

Framlegget frå formannskapet inneheld fleire tiltak for å effektivisere drifta i kommunen.

I sektor for læring og kultur blir det foreslått å redusere tre årsverk ved ressurssenteret, som i dag handterer vaksenopplæring og introduksjonsprogram. Dette skjer som følgje av vedtaket om å busette færre flyktningar i 2026. Det blir også peikt på at Hareid skule kan avlastast ved å justere krinsgrenser eller flytte elevar til andre skular. I tillegg vurderer ein å organisere språkopplæringa på ein ny måte, mellom anna gjennom eigne klasser for minoritetsspråklege elevar.

I sektor for velferd ønskjer formannskapet å intensivere omstillingsprosjekt og planlegge bukollektiv for å nytte ressursane meir effektivt. Dei førslår også å modernisere turnusordningar og betre kontrollen på vaktlister for å redusere overtid og vikarbruk.

For den tidlegare sektor for samfunnsutvikling ligg det inne forslag om å redusere årsverk som del av omstillingsprosjekt, samt gjennomføre innsparing i eigedom- og samfunnskontoret. Hareid mottak skal auke inntektene ved å ta inn fleire bebuarar utan å auke bemanninga.

Sentraladministrasjonen skal effektivisere ved å omprioritere oppgåver og redusere kostnader knytt til kjøp av tenester. Det blir også lagt fram eit verbalforslag om å kutte godtgjersler til politiske representantar, der midlane skal gå til tiltak for barn og unge.

I tillegg til innsparingstiltaka inneheld forslaget nokre reverseringar, samanlikna med kommunedirektøren sitt framlegg. Formannskapet ønskjer ikkje å legge ned skular, og vil oppretthalde dagsentertilbodet for eldre. Dei er heller ikkje villige til å auke eigedomsskatten. For barn og unge blir det foreslått å sikre ungdomsklubben, barnefestivalen og kulturaktivitetar.

Eventuelle ekstra midlar frå staten skal gå uavkorta til nedbetaling av tidlegare års meirforbruk. Målet med heile pakken er å redusere utgiftene, handtere høg lånegjeld og samtidig oppretthalde viktige tenester for innbyggarane.

Her er heile forslaget som blei vedteke av formannskapet.

Her kan du sjå møtet i formannskapet

Budsjettsaka startar frå om lag 1 time og 44 minutt ut i sendinga.

 

Slik sender du innspel:

Det er fyrst no den “formelle” høyringsperioden startar. Vi har likevel oppmoda innbyggarar om å engasjere seg før formannskapet fatta sitt vedtak. Då kunne formannskapet få innspel i forkant. Mange av innspela som kom inn før formannskapet kom med sitt forslag, er no gjort irrelevante. Svært mange handla om endring av skulestruktur - ei sak som er teke ut av formannskapet sitt forslag. Desse innspela ligg likevel tilgjengeleg i lista over innspel.

Du kan sende innspel via dette skjemaet.

Høyringsfrist 10. desember klokka 16.

Tysdag 2. desember klokka 18 inviterer dei folkevalde til folkemøte om budsjettframlegget til formannskapet.

Les andre sine innspel

Høyringsinnspel budsjett 26 etter formannskapet sitt framlegg
Tittel Type Storleik
Endringsframlegg folkelista og frp i kommunestyret 111225.pdfPDF541 kB
44 Innspel budsjett 2026 - syverplassen SU.pdf

om barnehagebudsjetta

PDF99 kB
43 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om skulestruktur

PDF95 kB
42 Innspel budsjett 2026 - Sølvi Sjåstad Kleppe , Elise Hareide og Torill Ystebakk Olsen.pdf

om turnus-forslag på sjukeheimen

PDF94 kB
40 Innspel budsjett 2026 - Utdanningsforbundet Hareid Ressurssenter ved Gøril Daltveit.pdf

Om forslaget til innsparing ved Ressurssenteret

PDF107 kB
Høyringsinnspel budsjett 26 - før formmanskapet sitt framlegg
Tittel Type Storleik
30 Innspel budsjett 2026 - Marte Aasen og Victoria Rinde.pdf

om skulestruktur

PDF109 kB
29 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om skulestruktur

PDF96 kB
28 Innspel budsjett 2026 - FAU Hjørungavåg skule.pdf

Om skulestruktur

PDF130 kB
25 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Manglande sjølvkritikk og kommunesamanslåing

PDF84 kB
27 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om manglande økonomistyring og skulestruktur

PDF97 kB
24 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

PDF96 kB
26 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

PDF89 kB
23 Innspel budsjett 2026 - FAU Hareid skule.pdf

om skulestruktur

PDF99 kB
22 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om engasjement

PDF92 kB
21 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om kommunesamanslåing

PDF89 kB
20 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om økonomi og skule

PDF93 kB
19 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om skulestruktur

PDF96 kB
17 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

om skulestruktur

PDF96 kB
16 Innspel budsjett 2026 - FAU Bigset skule.pdf

om skulestruktur

PDF129 kB
15 Innspel budsjett 2026 - Ørjan Yri.pdf

om skulestruktur

PDF107 kB
14 Innspel budsjett 2026 - Amalie Havåg.pdf

Om skulestruktur og Hjørungavåg skule

PDF101 kB
13 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

PDF82 kB
11 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om rettferdig eigedomsskatt

PDF94 kB
12 Innspel budsjett 2026 - anonym.pdf

Om skulestruktur

PDF94 kB