Kor mykje skal det koste å felle hjort? Sei di meining

Kor mykje skal det koste å felle hjort? Sei di meining

Hareid kommune sender framlegg til forskrift om fellingsavgift for hjort på offentleg høyring. Framlegget er å vidareføre dagens satsar på 180 kroner for kalv og 300 kroner for vaksne dyr.

Erlend Friestad

Næring- og miljøutvalet vedtok 18. november 2026 å leggje framlegget ut på høyring med ein høyringsfrist på seks veker.

 

Vil vidareføre dagens avgift

Fellingsavgifta er ei avgift for kvart dyr som blir felt. I Hareid har satsane lenge vore 180 kroner for kalv og 300 kroner for vaksne dyr. Framlegget inneber dermed inga auke i avgifta.

 

Inntektene går til viltfondet

Inntektene frå fellingsavgifta går til det kommunale viltfondet. Midlane blir i stor grad nytta til offentlege ettersøk etter sjukt og skada vilt. Kommunen har òg gitt tilskot til vilttiltak, mellom anna inngjerding av innmark.

Kommunedirektøren tilrår å halde avgifta på dagens nivå. Bakgrunnen er at hjortebestanden er på veg ned, og at det er venta at færre dyr blir felte dei neste åra. Kommunen ønskjer å ha midlar til å støtte framtidige vilttiltak.

 

Kvifor ei ny forskrift?

Bakgrunnen for framlegget er den nye viltressurslova, som tok til å gjelde 1. juli 2026. Kommunen må fastsetje fellingsavgifta i ei lokal forskrift.

Framlegget har tittelen «Forskrift om fellingsavgift for hjort, Hareid kommune, Møre og Romsdal».

 

Send inn høyringsinnspel

Høyringsfrist er sett til 5. januar

Send innspel