Kunngjering av vedtak i namnesak Øverli - Øvreli(d)

Kunngjering av vedtak i namnesak Øverli - Øvreli(d)

Øvrelid er rette skrivemåte.

dronefoto av Øvrelid - Klikk for stort bileteØvrelid er rett namn på gardane på dette bidet. Erlend Friestad

Statens kartverk vedtok 12.06.2025 skrivemåten av eit stadnamn i Hareid 
kommune. 

Dei vedtekne stadnamna er som fylgjande: 
•    Øvrelid - gard 73
•    Øvrelid - bruk 73/1, 73/2, 73/3 og 73/4
•    Øvrelid - grunnkrins

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Dokumenter

Vedtaksbrev (PDF, 2 MB)

Tilråding frå Språkrådet (PDF, 117 kB)

Klage

Dei som etter paragraf 6 bokstav a til c i lov om stadnamn har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn, har etter paragraf 12 rett til å klage på vedtak. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er kome fram til mottakaren, jamfør paragraf 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, startar klagefristen den dagen vedtaket vert kunngjort første gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som er oppnemnd av Kulturdepartementet.