Kva skal vi bruke arealet vårt til?

Kva skal vi bruke arealet vårt til?

I samsvar med plan- og bygningsloven § 11-14 kommuneplanens arealdel lagt ut til offentleg ettersyn.

Kva skal vi bruke arealet vårt til? Friområde, næring, bustad, fritidsbustadar med meir. I denne høyringa kan du vere med å gi innspel til arealplanen. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Formålet med planarbeidet har vore å rullere kommuneplanens arealdel, med ny arealbruk, forbetra føresegn og oppdatert plankart.

Hareid kommune ønskja alle innspel velkommen. Vi oppmodar alle som vil kome med innspel om å nytte dette skjemaet (DOCX, 66 kB) for innsending.

 


Ønskjer du ikkje å nytte skjemaet for innspel kan du merke innspelet med «Kommuneplanens arealdel 2020-2032» og planident 20160004 og sende til kommunen på e-post: postmottak@hareid.kommune.no eller som brev til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

  • Frist for innspel er 15. januar 2021.
  • Saksreferanse: 19/727.

Sakshandsamar: Cecilie Breiteig (cecilie.breiteig@hareid.kommune.no)

Plankartet finn ein på kommunekart.com. Her er det enkelt å zoome seg inn på områder som du interesserar deg for. Plankartet ligg og ved som vedlagt vektorisert PDF med tilhøyrande teiknforklaring.

Tips til innspel:

Hareid kommune oppmodar innbyggjarar, grunneigarar, næringsliv, politikarar og administrasjon, og alle andre som måtte ønskje det, å kome med innspel knytt til framtidig arealbruk.

  • Du kan sende inn innspel om ny arealbruk, utvida arealbruk, endra arealbruk, eller arealbruk som ikkje lenger er aktuell.
  • Du treng ikkje vere grunneigar for å fremje innspel, grunneigar bør underrettast.
  • Du kan fremje innspel du meina vil ha positiv verknad for kommunen.
  • Du kan også sende inn fleire forslag.

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknadane enkeltvis.

Planen med føresegn og planskildring, samt andre sentrale dokument i saka, kan du lese her: