Ja, vi har blitt ein betre kommune!

Ja, vi har blitt ein betre kommune!

Resultatet frå innbyggarundersøkinga er no klart. Det eintydige svaret frå dykk, er at vi har forbetra oss på nesten alle punkt!

 

I starten av mai fekk alle innbyggarar i Hareid kommune tilbod om å svare på ei innbyggarundersøking gjennom bedrekommune.no. Den same undersøkinga køyrde vi for to år sidan. Det var derfor spennande å sjå om vi hadde forbetra oss sidan då.

Det korte og hyggelege svaret på det spørsmålet er ja!

Av dei 78 spørsmåla de svarte på, var det berre 5 som fekk dårlegare karakter enn i 2019. Dei 73 andre spørsmåla fekk betre skår.

- Ved å ta same undersøking fleire gonger, konkurrerer vi oss med oss sjølv. Målet er å verte stadig betre. At pilene peiker oppover er til glede og inspirasjon for vidare arbeid, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

 

Høgdepunkt

Eit viktig funn er at ingen av spørsmåla som handlar direkte om tenestene våre og forholdet vårt til innbyggarane våre har fått dårlegare karakter enn i 2019.

Brukarar av tenestene våre har gitt oss betre karakter på alle område.

Dei som ikkje nyttar seg av tenestene våre, har også fått eit betre inntrykk av tenestene våre enn i 2019

Det enkeltspørsmålet som har hatt størst framgang er utviklinga av kommunesenteret. Det fekk karakteren 4,0 (+1,1 samanlikna med 2019) (karakterar frå 1-6, der 6 er best)

I 2019 fekk 10 spørsmål karakteren 2,9 eller dårlegare. I år var det berre 2.

Området som har hatt best framgang er spørsmåla som handlar om kontakt mellom kommunen – både administrasjon og folkevalde – og innbyggarane. Døme:

  • Kor nøgd er du med korleis dei folkevalde lyttar til innbyggarane sine synspunkt? 3,6 (+0,7)
  • Kor nøgd er du med informasjon får kommunen din? 4,3 (+0,7)
  • Kor nøgd er du med korleis dei folkevalde løyser lokale utfordringar? 3,4 (+0,6)
  • Kor nøgd er du med moglegheita til å påverke kommunale avgjersler? 3,3 (+0,5)
  • Trur du kommunen din har godt omdøme? 3,6 (+0,5)
  • Har du tillit til at kommunen handsamar like saker likt? 3,5 (+ 0,5)

Elles er det gledeleg å sjå at fleire er einige i påstanden om at dei vil anbefale vener og kjende til å flytte til Hareid: 4,2 (+0,3)

Last ned alle tala frå undersøkinga nedst i artikkelen.

 

Her gjekk vi tilbake

Dei fem spørsmåla som fekk dårlegare karakter er ikkje direkte knytt til kommunen sine kjerneoppgåver. Det er også mogleg å argumentere for at den pågåande koronapandemien har påverka resultatet negativt på dei to spørsmåla som handlar om kultur- og fritidstilbod.

  • Kor nøgd er du med støynivået der du bur? 4,8 (-0,04)
  • Kor nøgd er du med tilbodet av kafear, restaurantar og uteliv? 2,3 (-0,5)
  • Kor nøgd er du med kulturtilbodet i kommunen? 3,7 (-0,1)
  • Kor nøgd er du med moglegheita til å drive med fritidsaktivitetar (utanom idrett)? 3,8 (-0,2)

 

Kva har vi lukkast med?

Alle som deltok i undersøkinga fekk også moglegheit til å skrive med eigne ord kva dei meiner vi har lukkast med, kva vi ikkje har lukkast med og kome med forslag til forbetringar. Til saman blei det over 20 tettskrivne sider!

Bygginga av Helsehuset og fotballhall, samt opprustinga av miljøgata er det som oftast blir trekt fram som noko vi har lukkast med. Det same gjeld informasjonen som blir gitt til innbyggarane gjennom nettside og Facebook.

Eigedomsskatten, økonomien, manglande tomtar og satsing på barn og unge blir trekt fram som noko vi ikkje har lukkast med.

 

Er undersøkinga representativ?

Vi fekk inn ein del færre svar enn i 2019. Då fekk vi inn 844 svar, mot 493 i år. Vi skulle sjølvsagt ønske at vi fekk ein høgare svarprosent.

Har den lågare svarprosenten hatt noko å seie for resultatet på undersøkinga? Eller for å spørje på ein annan måte: Ville vi fått eit anna resultat om fleire svarte på undersøkinga?

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om, men vi trur totalen ville hatt ein positiv trend uansett. Vi har tatt ut svarrapportar undervegs for å sjå korleis karakterane utvikla seg etter kvar som folk svarte. Her har det ikkje vore noko eintydig utvikling. Til dømes var dei fyrste 100 som svarte meir negative enn dei neste 200 (men framleis meir positive enn i 2019). Dei som svarte mot slutten av undersøkingsperioden var litt meir blanda. På nokre område gav dei betre karakter enn dei som svarte tidlegare i perioden, mens andre fekk litt dårlegare.

Vi ser også at vi har fanga opp personar som ikkje er nøgde, ved at enkeltpersonar har gitt karakteren 1 og 2 på omtrent alle spørsmål. Det same ser vi i kommentarrapporten.

 

Kva gjer vi med undersøkinga vidare?

Planprogrammet for kommuneplanens samfunnsdel og økonomi- og handlingsprogrammet 2020 – 2023 inneheld fire hovudmål som sett store forventingar til sektorane i kommunen.

Samanfatta er dei fire måla at Hareid kommune ynskjer å vere:

  • Ein attraktiv bu- og utviklingskommune
  • Ein triveleg og trygg kommune som gjer gode oppvekst og levevilkår
  • Ein allsidig og mangfaldig kommune med utvikling og trygge arbeidsplassar
  • Ein kommune med sikre og oppdaterte tenester som treff dei lokale forhold

- Brukarundersøkingar er ein måte å få vite korleis innbyggarane opplever kommunen sin, og kva dei meiner er viktig. Administrasjonen vil gå gjennom tilbakemeldingane og vurdere kva tiltak som kan hjelpe oss til å nå måla våre. Dei folkevalde får resultatet i form av ei politisk sak, der dei på same måte som administrasjonen kan gjere sine vurderingar på tiltak for å nå måla, fortel kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

Innbyggarundersøkinga 2021
Tittel Publisert Type
gjennomsnitt per dimmensjon innbyggarundersøkinga 2021

20.05.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned gjennomsnitt per dimmensjon innbyggarundersøkinga 2021.pdf
fullstendig excelrapport innbyggarundersøkinga 2021

20.05.2021 Filtype: xlsx. Klikk for å laste ned fullstendig excelrapport innbyggarundersøkinga 2021.xlsx
gjennomsnitt per spørsmål innbyggarundersøkinga 2021

20.05.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned gjennomsnitt per spørsmål innbyggarundersøkinga 2021.pdf
kommentarrapport innbyggarundersøkinga 2021 formatert

20.05.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned kommentarrapport innbyggarundersøkinga 2021 formatert.pdf
svarfordeling per spørsmål innbyggarundersøkinga 2021

20.05.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned svarfordeling per spørsmål innbyggarundersøkinga 2021.pdf