Dekorelement

Dekorelement

Tre tema; kultur, historie og natur. Tre tema som sei mykje om liv og næring på Hareid.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kultur:

Fiolinen er knytt opp mot kulturbastionen Hareidsstemna og gir såleis assosiasjonar til kultur i vidare forstand. Nyttar ein fantasien, og det skal ein gjere, kan ein og sjå ei rulleskeis i dette symbolet.

Historie:

Baugen av eit vikingskip fortel om ei historie langt att i tid. Slaget ved Hjørungavåg, sjøfart, monumentet på Overå - og det er Norsk.

Natur:

Hareid er ei grøn kommune. Assosiasjonar til noko som spirer og gror. Løk, eit tre som ber frukter, sol over fjell... eller er dette ein golfball som vert slegen ut av ein dam?

Ser ein nøye etter ser ein at alle tre symbola er laga med utgangspunkt i den same forma - henta frå nasjonalmonumentet på Ovra.