Nik og Laura legg siste hand på verket på rådhusveggen. No maler dei med hand for å gjere overgangane mellom sjablongane usynlege.
Erlend Friestad
Snik er ein britisk gatekunstduo beståande av Nik og Laura, kjende for detaljrike verk utførte med sjablongteknikk. Dei arbeider ofte med menneskelege uttrykk og stemningar, og har laga kunstverk i ei rekkje byar i Europa og internasjonalt. Arbeida deira er ofte stadstilpassa og tek utgangspunkt i omgjevnadane.
LES OGSÅ: Internasjonal kunstnarduo skal fylle heile rådhusveggen
Sidan laurdag 6. juni har dei jobba på rådhusveggen og litt etter litt har det trådd fram eit stort kvinneportrett omslutta av blomster. Fyrste fase var å leggje til ekstra bakgrunnsfargar på veggen, så har dei lagt på sjablong etter sjablong for å få fram motivet. No gjenstår berre detaljarbeidet.
Alle innbyggarar er inviterte til å vere med når kunstverket blir gjeve som gåve til kommunen, mærleg inviterte er sponsorane og dei lokale verksemdene som har bidrege med gratis, praktisk hjelp for å få realisert kunstverket. Det er HG Elektro som har har fjerna lampar og ein parkeringsautomat som ikkje fungerte, Oskar Grimstad som har fiksa beslaga, så vatn ikkje lenger renn nedover veggen og Ward1 som vaska og grunna veggen før kunstnarane kom.
Prosjektet vert finansiert med lokal støtte fra Sparebanken Møre, Sparebank 1 SMN og Kim Lillebø. Han har også søkt om midlar frå eit regionalt kulturfond, men det som ikkje vert dekt av støtte, betaler han sjølv.