Godt samarbeid mellom kyrkja og kommunen

Biskopen møtte kommuneleiinga i samband med visitasen.

Biskop Ingeborg Midttømme (nummer to frå høgre) er på visitas i Hareid. Her møtte ho kommuneleiinga, mellom anna rådmann Ragnhild Velsvik Berge og ordførar Bernt Brandal. Til høgre sit prost Ingeborg Matre. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, er på visitas i Hareid sokn. Ein fast post på slike visitas, eller tilsyn som det kan kallast, er møte med kommuneleiinga. Onsdag morgon møtte ho derfor kommuneleiinga på rådhuset.

Frå kommunen møtte rådmann Ragnhild Velsvik Berge, assisterande rådmann Kariann Bigseth, kommunalsjef for velferd Nils-Arne Skagøy, kommunalsjef for kultur og læring Eivind Longva.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

Biskop Midttømme hadde med seg prost Ingeborg Matre, misjonsrådgivar Geir Sakseid, sokneprest Lars Hartig-Tangedal og soknerådsleiar Ann Helen Grimstad Worren.Frå venstre ordførar Bernt Brandal, biskop Ingeborg Midttømme og prost Ingeborg Matre. 

Møtet starta med at alle som var til stades fortalte kva dei brann for i jobben. Felles for mange av svara var at dei brenn for å bygge samfunn og bruer.

Etter dette gav rådmann Ragnhild Velsvik Berge ei presentasjon av Hareid kommune. Der fortalte ho om mellom anna om Hareid kommune si lange maritime historie, om planane for sentrum,

Samarbeidet mellom soknet og kommunen blei gjennom heile møtet skildra som godt. Biskopen la også vekt på at det var viktig for kyrkja at dei med anna tru, eller som ikkje trudde, også skulle bli ivaretatt i kommunen.

  • Tema som blei diskutert i møtet var mellom anna:
  • Livsynsnøytralt lokale til gravferd
  • Samskaping mellom kyrkja og kommunen
  • Frivilligsentralen og finansieringa av den
  • Kyrkjegarden og utvidinga 
  • Integrering og det fleirkulturelle og fleirreligiøse samfunn
  • Renoveringa av kyrkja
  • Behov for renovering av orgelet

Til slutt i møtet fekk biskopen med seg ei utgåve av boka om Hareid kommune si historie som blei gitt ut i høve 100-årsjubileet i 2017.

- Her på Hareid klarer vi å samarbeide godt utan å støyte frå oss innbyggarane med anna tru, blei dei avsluttande orda frå ordføraren.

Etter møtet onsdag, besøkte biskopen sjukeheimen. Torsdag skal ho til ungdomsskulen.