Torsdag 2. oktober kl. 18.00 inviterer kommunedirektøren og leiargruppa til folkemøte om budsjett og økonomiplan for perioden 2026–2029 på Hareid folkebibliotek. Her får du innsikt i den økonomiske situasjonen, kva grep som måtte gjerast i 2024, og korleis dette påverkar tenestene våre – frå skule og kultur til helse og omsorg.
Kvifor folkemøte?
Vi ønskjer å gjere budsjettprosessen meir open og inkluderande. Når innbyggjarane deltek med innspel og spørsmål, får vi eit betre grunnlag for å lage eit budsjett som faktisk speglar behova i kommunen. Difor er dette møtet viktig – ikkje berre for oss som jobbar i kommunen, men for deg som bur her. Administrasjonen har også eit ønske om å formidle kva tenestenivå har moglegheit til å leggje seg på, gitt den økonomiske situasjonen.
Kva skjer på møtet?
- Kommunedirektøren orienterer om robek-status og den økonomiske utviklinga.
- Du får høyre frå sektorane kva som har skjedd det siste året.
- Vi ser på status per 1. september og kva det betyr for resten av året.
- Budsjettprosessen for 2026 blir presentert – med tidsplan og aktivitetar.
- Vi snakkar om forventningsgapet – kva kommunen kan levere, og kva innbyggjarane forventar.
- Og viktigast: Du kan ta ordet!