Kommunedirektør Bent Arild Grytten innleie møtet med å fortelje at dei ville ha innspel frå innbyggarar så tidleg som råd i budsjettprosessen.
Erlend Friestad
Kommunedirektør Bent Arild Grytten opna møtet med å forklare kvifor administrasjonen ønskjer å involvere innbyggjarane før det formelle budsjettframlegget er klart:
– Vanlegvis kjem budsjettframlegget først, og så er det dei folkevalde som skal ha reell innverknad. Men då er innbyggjarane si medverknad avgrensa til det som skjer etterpå. Med dette møtet ønskjer vi å opne for innspel tidleg i prosessen, sa Grytten.
Han understreka at dette var administrasjonen sitt møte, og at dei folkevalde vil få høve til å svare på spørsmål og halde sitt eige folkemøte seinare i prosessen.
ROBEK og økonomisk handlingsrom
Hareid kom inn på Robek-lista, det statlege registeret for kommunar i økonomisk ubalanse, sommaren 2024 etter to år med store underskot. Grytten forklarte kva det inneber for Hareid kommune å vere på ROBEK:
– Når vi er på ROBEK, må vi dekkje inn meirforbruket vårt. Hovudregelen er at det skal skje året etter, eller seinast to år etter at underskotet oppstod. I nokre tilfelle kan vi søkje om å fordele det over fire år.
Han peika på at kommunen må ha ein politisk vedteken tiltaksplan, og at budsjettarbeidet difor startar med eit minus. I tillegg er Statsforvaltaren svært oppteken av utviklinga i lånegjelda, og godkjenner berre lån til sjølvkostområde, startlån og likviditetslån.
Stramme føringar for investeringar
Assisterande kommunedirektør Hanne Rognan tok over og fortalde om korleis dei opplevde det, då Statsforvaltaren la inn strenge føringar for investeringane:
– Det vart ei slags aha-oppleving for oss – vi fekk verkeleg kjenne på kva det inneber å vere på ROBEK.
Kommunen fekk berre ta opp lån til sjølvkostprosjekt, Pålhaugen-prosjektet og ferdigstille nokre utvalde prosjekt ein ikkje kunne trekke seg frå.
– Slik det ser ut no, blir det nok ikkje mange nye prosjekt før vi kjem oss ut av ROBEK. Det er realiteten vi må halde oss til framover.
LES OGSÅ: Slår saman sektorar for meir effektiv drift
Frå minus til pluss – men framleis utfordringar
Assisterande kommunedirektør Hanne Rognan fortalte om korleis den økonomiske situasjonen i kommunen hadde blitt mykje betre, men at det framleis var ein lang veg å gå før vi var i mål.
Erlend Friestad
Rognan presenterte utviklinga frå august 2024 til august 2025:
- Lønsbudsjettet hadde eit negativt avvik på 40 millionar i 2024 – i 2025 er det nesten i balanse.
- Utgiftssida hadde avvik på 16 millionar i 2024 og 15 millionar i 2025.
- Inntektene har eit positivt avvik på 9 millionar i 2025.
- Nettoresultatet gjekk frå minus 70 millionar i august 2024 til minus 5,7 millionar i 2025.
– Vi har gjort ein stor jobb, og har eit mykje betre resultat i år enn i fjor. Dei tilsette har gjort ein kjempejobb for å snu dette – i heile organisasjonen. Likevel viser prognosen at vi ligg an til eit meirforbruk på 8,4 millionar. sa Rognan.
LES OGSÅ: Rapport frå andre tertial 2025 - her får du detaljane om den økonomiske situasjonen
Ho minna òg om kor krevjande budsjettarbeidet var hausten 2024:
– Vi gjorde eit stort arbeid for å kutte utgifter og finne inntekter, men stod att med eit udekka beløp på 47 millionar kroner. Og vi hadde ikkje akkurat god tid til å finne løysingar heller.
For å møte dette vart det sett i verk nye innsparingstiltak:
- Sektor for velferd la inn kutt på om lag 20 millionar kroner.
- Sektor for læring og kultur gjorde det same.
Konsekvensar ved nytt underskot og vegen vidare
Kommunedirektør Bent Arild Grytten gjorde det klart at eit nytt underskot i 2025 vil få direkte og alvorlege konsekvensar for Hareid kommune:
– Då vil dette meirforbruket legge seg på toppen av det som allereie er vedteke, sa han, og peika på at det vil forverre den økonomiske situasjonen ytterlegare.
Dette understrekar behovet for å halde budsjettet og gjennomføre dei planlagde innsparingstiltaka.
Etter innleiingane frå kommunedirektør Bent Arild Grytten og assisterande kommunedirektør Hanne Rognan, fekk kommunalsjefane ordet for å dele erfaringar frå budsjettarbeidet i sine sektorar.
LES OGSÅ: Stor undersøking viser at innbyggarane er nøgde med tenestene
Læring og kultur: Frå ustabil leiing til felles innsats
Helge Hamre, kommunalsjef i sektor for læring og kultur, byrja i stillinga på fulltid i oktober 2024. Han skildra eit krevjande år:
– Det har vore litt av ein hestekur og ein stor jobb sidan eg starta for fullt i fjor haust.
Hamre tok over ein sektor som hadde vore utan stabil leiing over tid:
– Eg møtte ein sektor med lite leiing både på kommunalsjef- og rådgivingssida. Men eg blei møtt av tilsette som sa: «Vi skal brette opp ermane i lag med deg.» Det var ei sterk og motiverande haldning å møte.
Sektoren hadde store økonomiske utfordringar:
- I 2023 brukte sektoren 15 millionar meir enn budsjettert.
- I 2024 var meirforbruket heile 28 millionar.
Tiltak for å få kontroll
For å snu utviklinga vart det sett inn kraftige tiltak:
– Då var det bremsene på og ermane opp. Heldigvis har vi styrarar og rektorar som har stålkontroll på det faglege og pedagogiske innhaldet. Det gir oss eit godt fundament.
Hamre understreka at det faglege grunnlaget i sektoren er sterkt, men at det var heilt nødvendig å redusere ressursbruken raskt:
- Tilpassing til lærarnorma
- Rydding i mellombelse stillingar
- Reduksjon i vikarbruk
Eit av tiltaka var å stramme inn på SFO-tilbodet:
– Vi har korta ned opningstida og har ikkje lenger ope i feriane. Det er eit inngrep i eit viktig tilbod, men det var naudsynt for å redusere kostnadene.
Andre grep var meir inngripande:
- Hareid barnehage vart lagt ned.
- Det vart stramma inn på tildelinga av personleg assistanse.
Hamre peika òg på at barnehagevernet har uforholdsmessig høge kostnader:
– Vi har mange omsorgsovertakingar og tiltak i heim, og meir enn det vi skulle forvente ut frå storleiken på kommunen.
Satsar på framtida
Kommunalsjef i sektor for velferd, Ottar Røyset.
Erlend Friestad
Trass i innsparingane, løftar sektoren fram viktige satsingsområde for å førebygge utanforskap:
- Kompetanseheving og pedagogisk utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid og «laget rundt barnet»
- Språk og lesing som kjerneområde
– Dette er tiltak som ikkje nødvendigvis gir effekt med det same, men som skal gi effekt på sikt. Det er investeringar i framtida, avslutta Hamre.
LES OGSÅ: Fagdag motiverer til lesing og leik
Velferdssektoren: – Må tenke på framtida allereie no
Så var det Ottar Røyset, kommunalsjef i sektor for velferd, som tok ordet. Han peika på eit vedvarande gap mellom forventningar og realitet i sektoren:
- I 2025 har vi eit meir realistisk drift og budsjett, og vi har gjort store grep for å få balanse.
Eit av dei viktigaste tiltaka har vore å gå gjennom vedtaka som ligg til grunn for tenestene kommunen gir:
– Det har vore slik at det folk har søkt på, har dei fått. Vi har difor utarbeidd ein kvalitetsstandard som seier noko om korleis vi skal tildele tenester og kva kriterium som skal liggje til grunn. Vi måtte gjere noko for å stramme inn – og vi legg ikkje skjul på at det også var økonomisk motivert.
Røyset understreka at kvalitetsstandarden er avgjerande for å kunne gi gode helsetenester også i framtida:
– Dette har innbyggjarane merka. Nokre har mista tenester, og i mange tilfelle har vi stramma inn betydeleg. Men det er heilt avgjerande for å kunne gi tenester til dei som verkeleg treng det.
Kuttar for å vere klar for framtida
Røyset la fram fleire konkrete tiltak:
- Gjennomgang av alle vedtak om tenestetildeling
- Reduksjon i talet på tilsette og halde stillingar ledige
- Fjerning av heimehjelp i enkelte tilfelle
- Stenging av åtte institusjonsrom
Han erkjenner at det siste kan verke motstridande:
– Det kan verke rart at vi har redusert institusjonskapasiteten når vi veit at vi får fleire eldre i åra som kjem. Men dette handlar om å rigge oss for framtida. Viss vi skulle halde same nivå som i 2022, måtte vi hatt 42 nye institusjonsrom – det ville i praksis betydd ein heilt ny sjukeheim.
Motiverte tilsette og lågare sjukefråvær
Trass krevjande tider, kunne Røyset melde om positiv utvikling i sjukefråværet:
- På same tid i fjor låg fråværet på 14 prosent
- No er det redusert til om lag 8,5 prosent
Han gav stor honnør til både einingsleiarane og dei tilsette:
– Dei har lyst til å gi gode tenester til innbyggarane våre. Dei brenn for det, sjølv om det er trongt og vi må kutte tenester. Ønsket om å gi best mogleg tenester er framleis til stades.
Kommunedirektøren: – Imponert over innsatsen
Kommunedirektør Bent Arild Grytten avslutta med å gi tydeleg anerkjenning til dei tilsette:
– Vi ser at de har levert, sa han, og la ikkje skjul på at det er vondt å måtte be dei tilsette om å gjere endå meir.
Han uttrykte stor respekt for innsatsen:
– Eg er imponert over innsatsen til dei tilsette og leiarane, sa han.
Forventningsgapet – og korleis det kan reduserast
Grytten løfta fram det han kalla forventningsgapet – det mellomrommet som oppstår når innbyggjarane forventar meir enn det kommunen har økonomi eller kapasitet til å levere. Dette gapet kan føre til mangel på ressursar og svekking av tenestetilbodet på fleire område.
For å redusere dette gapet, peika han på fleire strategiar:
- Klar tale og god kommunikasjon: For å skape forståing og realistiske forventningar.
- Inkluderande budsjettprosess: Der innspel frå innbyggjarane vert tekne med i vurderingane.
- Digitalisering og automatisering: For å effektivisere drifta og frigjere ressursar.
- Samarbeid mellom kommunar og kompetanseutvikling: For å styrke kapasiteten og kvaliteten i tenestene.
- Betre langsiktig og strukturert planlegging: For å ruste kommunen til å møte framtidige behov på ein berekraftig måte.
Artikkelen held fram under bildet.
Dei fire kommunale leiarane sette seg klar på scenen for å ta imot spørsmål og innspel frå publikum. Frå venstre Helge Hamre, kommunalsjef i sektor for læring og kultur; Ottar Røyset, kommunalsjef i sektor for velferd; Hanne Rognan, assisterande kommunedirektør og Bent Arild Grytten kommunedirektør.
Erlend Friestad
Innspel frå salen: Engasjement om næring, velferd og inkludering
Folkemøtet om budsjettet for 2026 vart avrunda med ei rekkje innspel frå salen. Tema som næringsutvikling, utanforskap, eldreomsorg og budsjettstyring stod sentralt.
Idar Flø frå Hareid Næringsforum understreka behovet for å løfte fram næringslivet og arbeide mot utanforskap:
– Vi er opptekne av å få folk ut i lyset og ut i arbeid. Då må kommunen vere på lag – ikkje ein bremsekloss. Dette er våre nye hender, og vi manglar enormt med hender.
Kommunedirektør Bent Arild Grytten svarte at kommunen har vore oppteken av næringslivet over lang tid, men at handlingsrommet er endra etter at Hareid kom inn i ROBEK-registeret:
– Det er sagt at det er vanskeleg å drive med utvikling når ein er i ROBEK, men det akter vi å motbevise.
Ottar Røyset, kommunalsjef for velferd, peika på utfordringar knytt til utanforskap og manglande deltaking i arbeidslivet:
– Altfor stor del av arbeidsstyrken står utanfor arbeid. Diverre peikar pilane feil veg, og vi klarer kanskje ikkje å gi den hjelpa som trengst.
Han uttrykte uro for at førebyggande arbeid ofte er det første som blir kutta når økonomien er stram:
– Viss vi ikkje lukkast med dette, må vi betale prisen seinare, sa han.
LES OGSÅ: Vellukka møte mellom næringsliv og potensielle arbeidstakarar
Tidleg innsats og samarbeid
Helge Hamre, kommunalsjef for læring og kultur, peika på at utanforskap ofte startar tidleg i livet:
– Helsesjukepleiarane ser utfordringar allereie når barna er svært små. Problema forsterkar seg i barnehagen og barneskulen, der nokre slit med trivsel.
Hamre understreka at kommunen har tiltak som verkar:
– Eit døme er vårt lågterskeltilbod Støttande team, som fungerer som eit skjeringspunkt mellom barnevern og skule. Foreldra er rause og opne – når hjelp vert tilbydd, vert ho som regel teken imot.
Han opna også for tettare samarbeid med næringslivet:
– Viss næringslivet har lyst til å vere med og leike litt, og bidra til å sikre rekruttering, så er vi klare for det.
Han hinta om at sektoren har eit spanande prosjekt på gang som vil «gå rett heim» i den maritime næringa i kommunen.
- Det vil kome meir informasjon om det ganske snart, så «stay tuned», sa han.
Spørsmål om arbeidsplassar og eldreomsorg
Kari Wolsdal Eskeland, som har vakse opp i Hareid, stilte spørsmål om kommunen sin handtering av arbeidsplassar og eldreomsorg:
– Har Hareid kommune fått pålegg om kor mange arbeidsplassar de skal opprette? Og kvar er det blitt av arbeidsplassane knytt til oppdrett?
Espeland uttrykte uro for kutta i velferdssektoren:
– Det er påfallande at vi skal spare mest i den sektoren som vil få mest pågang. Eg synest det er fælt å høyre om kutta. Kvifor ikkje ein opptrappingsplan – både fagleg og når det gjeld utstyr?
Grytten svarte at kommunen ikkje har fått pålegg om å opprette arbeidsplassar:
– Statsforvaltaren er oppteken av driftsbudsjettet vårt og låneopptaket vårt. Å legge til rette for nye arbeidsplassar er noko kommunen sjølv må ta ansvar for.
Om opptrappingsplanar sa han:
– Ja, det skulle vi ønskje å få til, men vi har knappe ressursar. Vi håpar på betre rammevilkår.
Ottar Røyset følgde opp:
– Vi må jobbe på ein annan måte og løyse oppgåvene våre annleis. Det første vi må gjere, er å løyse forventningsgapet – kva kan vi faktisk levere?
Budsjettstyring og institusjonsplassar
Inge Eskeland stilte spørsmål om moglegheita for å tilby sjukeheimsplassar til pasientar frå andre kommunar:
– Kan vi nytte dei ledige institusjonsromma på den måten?
Eskeland peika også på budsjettstyring og viste til Vanylven kommune:
– Vanylven har sanntidsoppdateringar av budsjettet og treng derfor ikkje tertialrapportar. Kan vi få noko liknande i Hareid?
Ottar Røyset svarte at dei stengde institusjonsromma no vert nytta til avlastingsbustadar, men at Hareid har hatt gjestepasientar som har gitt ekstra inntekter, så dei er klar over moglegheitene.
Bent Arild Grytten kommenterte budsjettstyringa:
– Vi er nysgjerrige og opne for å lære. Dersom det fungerer godt, kan det vere ressursbesparande. I dag brukar vi mykje tid på å lage tertialrapportane.
Idar Flø tok tråden om oppdrettsnæringa i kommunen:
– Vi må sjå på den mest attraktive aktøren – ikkje berre den som gir oss to millionar frå havbruksfondet, men også den som bidreg med arbeidsplassar og andre verdiar. Det er aktørar der ute som er interesserte, svarte han.
Førebygging og inkludering
Kari Wolsdal Eskeland uttrykte sterk bekymring for utanforskap blant barn og unge:
– Dette må takast tak i på alle plan – både for å førebyggje utanforskap og psykiske helseutfordringar. Det er altfor mange som blir uføretrygda i Noreg.
Ho peika på kor viktig det er å tilretteleggje for arbeidsplassar som kan inkludere fleire:
– Tiltak som gir meining og struktur i kvardagen kan vere avgjerande.
Gav meirsmak
Kommunedirektør Bent Arild Grytten avslutta møtet med å takke for engasjementet:
– Vi har fått mange tomlar opp frå deltakarane, og det har vore ei god oppleving for oss også. Takk til alle som kom. Det har vore inspirerande og fristar til gjentaking, sa Grytten.
- Takk til alle som kom, dette var inspirerande, sa kommunedirektør Bent Arild Grytten då folkemøtet var over.
Erlend Friestad
Til denne artikkelen er KI-hjelparen Copilot nytta til å reinskrive notatar.