Heime på sommarferie? Sjå tomtene i Plassane – meld deg på visning

Vil du byggje eigen bustad i Hareid? No kan du melde deg på visning av sjølvbyggartomtene i Plassane bustadfelt.

dronefoto frå plassane bustadfelt mot Hareid sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi arrangerer visning for å gi interesserte høve til å sjå tomtene saman med representantar frå kommunen. Målet er at du skal få eit godt grunnlag for å vurdere om dette kan vere rett stad for deg.

 

Om tomtene i Plassane

Plassane bustadfelt ligg sentralt i Hareid, med kort veg til sentrum, skule, barnehage og fritidstilbod. Her finn du 37 sjølvbyggartomter for einebustad, i tillegg til område for meir konsentrerte bustadar. Tomtene har gode solforhold og utsikt. På feltet er det allereie opparbeidd leikeplassar, gapahuk, tuftepark og ballbinge.

 

To visningar i sommar

Du kan velje mellom to tidspunkt:

  • fredag 3. juli klokka 15.00
  • laurdag 8. august klokka 16.00 (etter barnefestivalen)

Opplegget er likt begge dagar.

 

Meld deg på – elles blir det ikkje visning

Du må melde deg på for å delta. Dersom ingen melder seg, blir visninga ikkje gjennomført.

Fristen for påmelding er dagen før kvar visning.

Passar ikkje tidspunkta? Meld deg likevel på i skjemaet, så tek vi kontakt for å finne ei løysing.

 

For deg som vurderer å byggje

Visninga er for alle som er nysgjerrige på tomtene – enten du er førstegongskjøpar, vil flytte heim att, eller vurderer å etablere deg i Hareid.

Vi legg opp visningane i sommar for å nå deg som er heime på ferie.

 

Kva får du på visninga?

På visninga får du:

• sjå tomtene og området
• møte representantar frå kommunen
• stille spørsmål om tilrettelegging og moglegheiter
• betre grunnlag for å vurdere kjøp

 

Slik melder du deg på

Meld deg på via dette skjemaet.