Innfører forureiningsgebyr for private avlaupsanlegg

Frå og med i år må eigarar av private avlaupsanlegg betale eit årleg gebyr.

Forureiningslova pålegg kommunane å ha tilsyn med slike private anlegg for å avdeke feil og manglar. I tillegg er vatn og avlaup sjølvkost, det vil seie at vi må hente utgiftene vi har til slike tilsyn frå dei som har anlegga. Kommunestyret har derfor innført ein liten, årleg sum i gebyr - og dette gebyret gjeld berre dei som har private avlaupsanlegg. 

  • For privatpersonar blir gebyret 400 kroner årleg.
  • For næringsdrivande og andre blir gebyret på 1200 kroner årleg.

I år kjem heile gebyret på siste faktura for kommunale avgifter. Frå og med 2024 vil beløpet bli fordelt utover alle terminane.

Dersom du har spørsmål om dette gebyret, kan du kontakte forureiningsansvarleg, Oddbjørn Nybø.

Er du privatperson kan du sjekke alle dei kommunale fakturaane her.

Her får du oversikt over betalingssatsane for de ulike kommunale tenestene.