Kva tider skal gjelde for skjenking av alkohol i Hareid kommune?

Alkoholpolitisk handlingsplan er ein av sakene som skal opp i kommunestyret 12. mars.

Hovdenakken og Snipsøyrdalen. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I tillegg til sakene under vil det bli gitt orienteringar frå NAV IA, KLP og sektor for velferd.

Uttale om norske sjøfolk sine arbeidsvilkår

I formannskapsmøtet 2. mars vedtok formannskapet eit fråsegn om norske sjøfolk sine løns- og arbeidsvilkår. Denne uttalen må opp til kommunestyret før den kan sendast:

Norske sjøfolk har til alle tider sett solide spor etter seg i bygginga av Noreg som sjøfartsnasjon og ei komplett maritim klynge, samt ei velutvikla petroleumsnæring.

Sjauaren på kaia, sjøfolka på båtane, oljearbeidaren på offshoreplattformane og tilsette i fiskerinæringa bidreg alle til kompetansebygging og løfter Noreg opp og fram, både som sjøfartsnasjon og som eit globalt maritimt kompetansesenter. Dette gjev gjenklang over heile verda.

Vi registrerer at norske sjøfolk blir fasa ut frå norsk sektor og i norske farvatn. Det har aldri vore eit så stort behov for sikring av norske arbeidsplassar som det vi ser i dag. Difor er all støtte og merksemd særs viktig.

Hareid kommune har mange sjøfolk. Som politikarar er vi opptekne av å ta vare på norske arbeidsplassar. Derfor er det viktig at norske sjøfolk blir sikra arbeid ved at det blir innført norske lønns- og arbeidsvilkår i norsk farvatn og på norsk sokkel. Realiteten i dagens maritime sektor syner at norske sjøfolk ofte må konkurrere med utanlandske, låglønna sjøfolk. Dei kan ha ein timeløn ned mot 35 kroner. Dette kan sjølvsagt ikkje norske sjøfolk busett i Noreg konkurrere med.

Med ei innføring av norske lønns -og arbeidsvilkår, vil norske sjøfolk kunne konkurrere på like vilkår med utanlandske.

Hareid kommunestyre vil be regjeringa å sikre norske sjøfolk si framtid ved at det vært innført norske lønns- og arbeidsvilkår for alle sjøfolk i norsk farvatn og på norsk sokkel.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

Reglement for kommunale bygge- og anlegsprosjekt

Då kommunestyret har lagt ned den kommunale byggenemnda og overført tilliggande strategiske funksjon til formannskapet.  Kommunestyret bad samstundes rådmannen om å legge fram reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt.

Administrasjonen meiner det vil vere tenleg dersom formannskapet sitt engasjement kan vinklast i ei meir strategisk retning enn det som byggenemnda tradisjonelt har vore vane med å gjere.  For å kunne lukkast med dette er det naudsynt å vedta eit reglement, som klargjer roller, ansvar og mynde i prosjektarbeidet, på ein tydlegare måte enn tidlegare.

Formannskapet fatta følgande vedtak:

Kommunestyret vedtar «Reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt», slik det ligg føre.  Nemnte reglement ligg ved som vedlegg i denne saka.

Kommunestyret gjer Verbalpunkt 6. i KST PS 127/19 om inkje, då dette verbalpunktet er innlemma i og ytterlegare presisert i reglementet for kommunale bygge- og anleggsprosjekt.

Kommunestyret vedtar «Reglement for kommunale bygge- og anleggsprosjekt», slik det ligg føre.  Nemnte reglement ligg ved som vedlegg i denne saka.

Reglementet skal nyttast for alle kommunale bygge- og anleggsprosjekt med estimert kostnad over 10 mill. kroner.  Vedtaket i pkt. 2 i KST 64/19, om terskelverdi på 3 mill. kroner, vert med dette gjort om inkje.

Kommunestyret gjer Verbalpunkt 6. i KST PS 127/19 om inkje, då dette verbalpunktet er innlemma i og ytterlegare presisert i reglementet for kommunale bygge- og anleggsprosjekt.

Kommunestyret gjer Verbalpunkt 7. i KST PS 127/19 om inkje, og vedtar at den generelle rapporteringa på investeringsprosjekta skal gjerast gjennom tertialrapportane og at det skal innførast rapportering også i høve 3. tertial.

(Verbalpunkt 6 i KST PS 127/19 hadde denne ordlyden: Investeringsramma og totalt budsjettert låneopptak skal overhaldast. Dersom det er mindre endringar på enkeltprosjekt kan Rådmannen vurdere flytting av midlar mellom vedtekne prosjekt. Forutsetninga er at vedtekne investeringar og vedlikehald blir gjennomførde som planlagt. Slike endringar skal rapporterast til formannskapet.)

(Verbalpunkt 7 i KST PS 127/19 hadde denne ordlyden: Framdrifta for dei vedtekne tiltak/investeringar og planlagt vedlikehald skal rapporterast i kvart formannskapsmøte.)

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i dette møtet.

 

Alkoholpolitisk handlingsplan

Gjeldande Alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2020, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan.
Utkastet inneheld hovudmåla for Hareid kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol.

Planen har lagt ute på heimesida til kommunen og spesielle interessentar har fått tilsendt informasjon elektronisk.

Alkoholpolitisk handlingsplan bør reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert, aktuell og ein plan noverande kommunestyre kan forhalde seg til.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtar handlingsplanen frå rådmannen med følgande endringar:

Kommunestyret vedtek utkast til Alkoholpolitisk handlingsplan som den ligg føre i veldegg 1. med endring i pkt. 4.1.1. kulepunkt 7 vert endra frå:

Kulturbygg og bygg som vert nytta som grendehus til Bygg som vert nytta som grendehus.

Rådmannen får i oppgåve å utarbeide reglar for automatisk fornying til neste fornyingsperiode i 20124. Reglane skal godkjennast av kommunestyret.

1. Nytt punkt 4.2.4 «utandørs festivalar» med følgjande ordlyd:
Aldersgrensa ved utandørs festivalar der det vert skjenka alkohol skal vere minimum 18 år.

Det vert ikkje gjeve løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk gruppe 3. Det gjeld sjølv om det er sett opp festivaltelt eller liknande.

Festivalområdet skal vere fysisk avgrensa, det skal vere forsvarleg vakthald og sett i verk forsvarlege tryggingstiltak.

2. Første avsnitt i punkt 4.1.2 Skjenketider vert endra slik:

Normal skjenketid for gruppe 1 og 2 frå kl 11:00 - 02:00 alle dagar, hotellet får skjenke frå kl 09:00.

Normal skjenketid for gruppe 3 frå kl 13:00 - 24:00 alle dagar.  

3. Følgjande tekst vert lagt til under punkt 4.4.3 Innhenting av uttalar:

Når det vert søkt om skjenking på utandørs areal, skal det innhentast uttale frå teknisk etat. Teknisk etat gjev uttale om reguleringsmessig status, avstand til trafikkareal, plassering og utforming av skjerming/gjerde, eigartilhøve m.v.

Kommunestyret skal gjere endeleg i dette møtet.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

Kven skal bestemme kva?

Denne saka var oppe i kommunestyret 6. februar, men då blei det vedteke at saka skulle sendast tilbake slik at også levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet kunne uttale seg.

I utgangspunktet har kommunestyret stor makt og mynde til å treffe avgjersler i ein kommune. Det er likevel ikkje føremålstenleg og særleg effektivt at kommunestyret fattar vedtak i alle saker.

Derfor delegerer dei mange av sakene «sendt nedover» i systemet. Noko blir delegert til underliggande, folkevalde organ, til dømes Levekårsutvalet, medan anna blir delegert til administrasjonen.

Eit døme er skjenkepolitikken. I dag er det kommunestyret som fattar vedtak om vanlege skjenkeløyve til ute- og serveringsstader, medan myndet til å gi løyve til enkelthendingar (ambulerande skjenkeløyve) er delegert til administrasjonen. Desse enkeltvedtaka kan klagast på, og då vil Levekårutvalet vere fyrste klageinstans.

Det er ikkje alt kommunestyret kan delegere vidare. Då er dette formulert i lov – gjerne i frasen «kommunestyret sjølv bestemmer».

Dette regelverket for kva utval eller roller som bestemmer kva, er samanfatta i eit delegeringsreglement.

Det gjeldande delegeringsreglementet er frå 2012. Mykje har skjedd med lovverk og organisering i kommunen sidan då. Ei elektronisk samling av alt relevant lovverk gir ei god oversikt, så no er også lover som tidlegare ikkje var delegert, delegerte der det er naturleg.

Denne saka gjeld det politiske delegeringsreglementet. Rådmannen har i tillegg eit internt delegeringsreglement som viser fordeling av delegert mynde i kommuneorganisasjonen.

Rådmannen har i gjennomgangen lagt vekt på kvalitet og effektivitet. Mykje er som før, men den største endinga er knytt til meir effektiv sakshandsaming ved å foreslå ein auke i det faglege arbeidsområde til utvalet for næring og miljø (NMU).

Delegeringsreglementet vil etter at det er vedtatt bli lagt elektronisk tilgjengelig på Hareid kommune sine nettsider.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret fattar følgande vedtak:

Kommunestyret vedtek vedlagt delegeringsreglement slik det ligg føre med følgjande tillegg:

Formannskapet viser til adminstrasjonen sin tolking om kva som skal reknast som saker av prinsipiell betydning og ynskjer at den skal leggast inn som generell informasjon i delegeringsreglementet.

Formannskapet ynskjer evaluering av delegeringsreglemet i inneverande periode.

Under Ordførar skal tredje punkt endrast til
Formannskapet kan sjølv gi ordføreren mynde til å treffe vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning, dersom ikkje kommunestyret har bestemt at mynde ikkje kan delegerast.

Mindre endringar/justeringar i delegeringsreglemntet kan gjerast av ordførar og rådmann. Desse skal dokumenterast og refererast i formannskapet.

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i dette møtet.