Kvitholvegen blir vinterstengd

I år vil ikkje Kvitholvegen bli brøyta heile vegen.

Utsikt mot Melshornet frå Kvitholvegen etter eit vårleg snøfall. Det er blad på trea og løvetenner stikk opp over snøen - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Det betyr at vegen blir stengd ved snøfall. Frå aust blir det brøyta fram til gjødsellageret og frå vest til nummer 193. Bebuarar i Kvitholvegen er varsla via tekstmelding. Stenginga blir også skilta frå kvar side.

Vi kjem til å brøyte ein sti med ATV for å leggje til rette for gåturar og vinterløpa.

LES OGSÅ: Slik blir brøytinga i vinter