Massiv førehandsrøysting i Hareid kommune

Den gode trenden frå tidlegrøystinga held fram. Aldri har så mange røysta så tidleg i Hareid kommune.

To personar bak ein skranke med PC og valurne. - Klikk for stort bileteLena og Kristian er to av dei du kan møte på rådhuset når du skal røyste på førehand. Erlend Friestad

Per 20. august klokka 11 hadde 307 personar førehandsrøysta i Hareid kommune. I tillegg har vi motteke 21 røyster frå personar busett i andre kommunar, og som vi sender vidare til heimkommunen til veljarane.

Dette er 11 prosent av alle som kjem til å røyste, dersom valdeltakinga blir lik som ved førre stortingsval.

LES OGSÅ: Her får du oppdaterte tal på kor mange som har førehandsrøysta

Vi ligg langt føre tidlegare år. Til dømes hadde 135 røysta på same tidspunkt i kommunevalet i ‘23. Heller ikkje førehandsrekordåret 2021, då mange røysta tidleg for å unngå kø og potensiell covidsmitte, klarer å konkurrere mot 2025. I 2021 på same tidspunkt hadde 158 førehandsrøysta.

LES OGSÅ: Hugs legitimasjon!

Vi som jobbar med val i Hareid kommune set stor pris på at mange vel å røyste tidleg. Det er betre med ein jamn straum av veljarar, enn at det hopar seg opp mot slutten og på valdagen. Alle førehandsrøystene blir også talde før klokka 21 på valdagen, så mange førehandsrøyster gjer at valresultatet kjem tidlegare. Vi brukar også mindre overtidstid på teljing etter at vallokala stenger klokka 21.

LES OGSÅ: