No har vi sendt ut faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt

Sats for eigedomsskatt er klar, så no har vi sendt ut faktura for kommunale avgifter for 1. termin 2026.

Grunnen til forseinka utsending av faktura, var at vi venta på at kommunestyret skulle vedteke kva nivå eigedomsskatten skulle ligge på. I kommunestyremøtet 12. februar røysta kommunestyret samrøystes for at satsen for 2026 skal vere 4 promille.

Merk at forseinka utsending av faktura berre gjeld for 1. termin. Dei andre terminane vert fakturert rundt den 1. i annankvar månad, som normalt. 

Vi har også sendt ut skattesetel til alle som betalar eigedomsskatt, der det står kor mykje dei skal betale i eigedomsskatt i 2026. 

LES OGSÅ: Dette er dei kommunale avgiftene i 2026.

Har du vassmålar? 

For dei som har vassmålar, kjem også årsoppgjeret med på faktura for 1. termin. 

Om ein studerer fakturaen, ser ein at det er fleire gebyrlinjer enn vanleg. Regjeringa vedtok i fjor at frå og med 1. juli 2025 skulle meirverdiavgift-satsen på vass – og avløpsgebyr settast ned frå 25 prosent til 15 prosent. Det har derfor blitt gjort ei avrekning der totalforbruket for året er delt i to like delar - ein del med 25 prosent mva og ein del med 15 prosent mva. 

 

Sjekk fakturaane frå kommunen på nett

Då er det lett å halde oversikt over kva du skal betale og kva du har betalt.

Gå til denne sida og logg deg på med til dømes Bank-ID.

Her kan du også søke om betalingsutsetting om du treng det. Trykk på fakturaen du vil utsette, nedst til venstre under fakturainformasjon finn du knappen der du søker. Merk: Fakturaen må ikkje ha gått til forfall.

På sikt vil du på denne sida også finne anna informasjon om deg og tenestene du mottek frå oss.

Dersom du har spørsmål om fakturaane kan du sende e-post til okonomi@hareid.kommune.no. Dersom du ikkje har e-post, kan du ringe sentralbordet på 70 09 50 00.