No skjer det i Hareid!

Koronarestriksjonane lettar, sola skin og fleire arrangerer konsertar, utstillingar turneringar. Ikkje gløym å nytte kultur- og aktivtetskalenderen Det skjer i Hareid.

Klikk for stort bilete 

Ved å legge inn arrangementet her, vil du nå ut til over 1000 ekstra personar. Alle som bur her vil også få ei samla oversikt over alt det kjekke som skjer i bygda vår.

Som arrangør er det svært enkelt å legge inn dine arrangement i kalenderen vår. Alt du treng å gjere, er å leggje Det skjer i Hareid til som medarrangør når du opprettar Facebook-arrangementet ditt.

Les meir om retningslinjer for kalenderen her.

Har du spørsmål? Send oss ei melding på Facebook eller ein e-post til kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad.