Nytt steg for Newtonrom: Vekst i Hareid bidreg med 400.000 kroner og gir frå seg styrehonoraret

Arbeidet med å få på plass eit Newtonrom på Hareid har fått eit nytt og viktig økonomisk løft. 

 

Vekst i Hareid bidreg med 400.000 kroner – og i tillegg har styret valt å avstå frå styrehonoraret sitt for å styrke prosjektet. Frå før har Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gitt 600.000. Dermed har kommunen no om lag 1.070.000 kroner på plass til Newton-rom i Hareid kommune

– Dette er kjempepositivt for Hareid. Vi fått på plass eit solid grunnlag for vidare arbeid med prosjektet, seier ordførar Bernt Brandal.

Midlane frå Vekst i Hareid kjem frå restbeløpet som stod att etter at prosjektet vart avslutta.

LES OGSÅ: Hareids-elevar fekk smakebit på Newton-rom

Satsar på praktisk læring

Eit Newtonrom er eit spesialtilpassa undervisningsrom der elevane får jobbe praktisk og utforskande med realfag, teknologi og matematikk.

Erfaringar frå andre kommunar viser at elevane får betre læringsutbytte når dei får gå frå teori til praksis. Slike læringsarenaer kan også bidra til å gi fleire elevar meistring, motivasjon og tru på eigne evner.

For Hareid handlar satsinga også om framtidig kompetanse og rekruttering til lokalt næringsliv.

 

Eit viktig steg vidare

Sjølv om finansieringa enno ikkje er komplett, bringar dei nye midlane prosjektet eit stort steg framover.

– Vi manglar framleis noko finansiering, men no er vi godt på veg. Samtidig har vi fått svært positive signal frå Sparebanken Møre om at dei er klare til å bidra til sjølve etableringa når lokala er klare. Det gjer at dette no framstår som eit realistisk og svært spennande prosjekt for Hareid, seier Brandal.

Førebels er rådhuskjellaren på Hareid rådhus peikt ut som aktuelt lokale for Newtonrommet.

 

Treng fleire med på laget

Etableringa skjer i samarbeid mellom kommune, næringsliv og andre samfunnsaktørar. No håpar kommunen at fleire vil vere med og bidra.

Kommunalsjef for læring og kultur, Helge Hamre, rosar engasjementet så langt:

– Eg er veldig glad for arbeidet og engasjementet Vekst i Hareid har lagt ned i etableringa av Newtonrom på Hareid. Vi manglar framleis å få fullfinansiert prosjektet, og eg vil oppmode både små og store bedrifter til å vere med og bidra.

To elevar og ein lærar - alle i laboratoriefrakkar - sit på golvet med ein legorobot og eit måleband.  - Klikk for stort bileteNewton-lærar Kristoffer Åreskjold, ved Newton-rommet i Volda, rettleiar elevane frå Brandal og Hjørungavåg. Erlend Friestad