Nytt tilbod gir dei minste ein tryggare start i barnehagen

Syverplassen og Bigset barnehage tilbyr no leikegrupper gjennom heile våren – eit tiltak som skal gi dei yngste ein mjukare og meir trygg overgang til barnehagelivet.

Barn i refleksvest som spring etter såpeboblar - Klikk for stort bilete Syverplassen barnehage portrett - Klikk for stort bileteSolveig Ertesvåg, styrar i Syverplassen barnehage og Siw Olsen, styrar i Bigset barnehage. Erlend Friestad

Når små barn skal byrje i barnehage, er det mykje nytt som skal på plass. Nye ansikt, nye omgivnader og nye rutinar kan vere ei stor omvelting for både barn og foreldre. Difor satsar Syverplassen og Bigset barnehage no på eit heilt nytt tilbod med små leikegrupper før oppstart, slik at overgangen blir meir gradvis og tilpassa det enkelte barnet.

LES OGSÅ: Søk om barnehageplass før 1. mars

Vil gi ein tryggare start

– Vi veit at ein trygg og roleg start gjer mykje for trivsel og utvikling vidare. Mange barn treng meir tid enn dei tre tradisjonelle tilvenningsdagane, seier styrar i Syverplassen barnehage, Solveig Ertesvåg.

Ny forsking, både nasjonalt og internasjonalt, peikar på at tidleg kjennskap til barnehagemiljøet styrkjer tilknyting, tryggleik og relasjonar for dei yngste.

Difor blir føresette som søkjer barnehageplass invitert til ein tidlegare oppstart gjennom leikegruppene. Så snart barnet får tildelt plass, kan familien avtale besøk – sjølv om barnet ikkje skal starte før hausten. Barn som har oppstart seinhausten eller rundt juletider får det same tilbodet.

 

Leikegrupper heile våren

Syverplassen har hatt leikegrupper sidan hausten 2025 med stor suksess. No følgjer også Bigset barnehage etter. Målet er å skape trygge rammer både for barn og foreldre gjennom små, oversiktlege grupper og leikeaktivitetar ute.

Erfaringane så langt er svært gode. Foreldre og fagpersonar fortel at den gradvise tilvenninga gir mindre stress, meir glede og tryggare barn.

 

Slik får barna ein betre start

Barnehagane peikar på fleire fordelar med ordninga:

  • Kjennskap til omgivnadene – barnet blir fortare trygg på uteområdet, porten og dei faste møtestadane.
  • Tilknyting til tilsette – små grupper gjer det lettare å byggje stabile relasjonar over tid.
  • Møte med andre barn – ute er det god plass til å utforske saman eller kvar for seg, og barna blir kjend med fleire av dei dei skal inn på avdeling med.
  • Lettare overgang – barnet får tid til å vere observatør, utforskar og deltakar i eige tempo.
  • Fellesskap og glede – enkle aktivitetar skapar meistring og gode opplevingar som knyter barna saman.

Erfaringar frå andre barnehagar med liknande tilbod viser også at leik ute gir naturleg rørsle, mindre støy og meir fridom. Dette styrkjer både trivsel, helse og læring – og legg eit godt grunnlag for vidare kvardag inne.

 

Vil halde fram satsinga

– Målet vårt er at alle barn skal kjenne seg trygge før dei tek steget inn i sjølve barnehagekvardagen. Med leik, glede og gode møte ute, byggjer vi fundamentet for eit godt barnehageliv saman med nye vener og trygge vaksne, seier Ertesvåg.

Foreldre som ønskjer meir informasjon om leikegruppene, eller har spørsmål knytt til tilvenning og søknadsprosessen, blir oppmoda om å ta kontakt med styrarane i dei to kommunale barnehagane.