Ein del av sakene skal fyrst opp i eit ekstra formannskapsmøte i forkant av kommunestyret 12. desember.
Formannskapsmøtet startar klokka 10 og kommunestyret klokka 12.
Møta er som vanleg opne for publikum og blir strøyma slik at du kan følgje med direkte eller sjå i opptak.
Sendinga frå formannskapet
Sendinga frå kommunestyret del 1:
Sendinga frå kommunestyret del 2:
Budsjettet
Det meste er sagt om budsjettet i denne artikkelen.
Eigedomsskatt
Vesentleg for budsjettsaka er kva inntekter kommunen skal ha. Eigedomsskattesatsen skal derfor vedtakast før budsjettet. Formannskapet har innstilt på at eigedomskatten skal halde fram på tre promille.
Likviditetslån – utviding
Hareid kommune har eit meirforbruk, og har behov for å ta opp eit likviditetslån for å kunne betale forpliktingar som løn og faktura. Per no gir økonomireglementet administrasjonen høve til å ta opp likviditetslån på inntil 25 millionar. Dette er for lite til dagens situasjon, og kommunedirektøren rår kommunestyret til å auke grensa til 150 millionar kroner. Saka skal opp både i formannskapet og kommunestyret
Pålhaugen – dispensasjonsøknadar
No er vi komen so langt at byggesøknadane til omsorgsbustadane på Pålhaugen skal vedtakast. Det er ein del dispensasjonar som må til, og desse skal formannskapet ta stilling til i det ekstra møtet. Kommunedirektøren innstiller på at dei naudsynte dispensasjonane blir gitt.
Dispensasjonssøknaden har vore sendt på høyring til naboar og regionale instansar. Det er kome inn fire merknader frå naboar i tillegg til uttale frå Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune. Aller merknader frå naboane er handsama i saka. Nokre merknader er avvist eller det er vist til andre løysingar og nokre merknader er imøtekomne og teke omsyn til.
Dersom dispensasjonssøknaden går gjennom, blir det sendt inn ein byggesøknad - og når denne er klar, blir det oppstart - sannsynlegvis i februar.
Elles skal dei folkevalde godkjenne to avtalar:
- grunnavtale om samarbeid i region ytre søre Sunnmøre
- ny samarbeidsavtale mellom kommunane og helseføretaket
Fullstendig oversikt over saklista og alle sakspapir finn du her. (enkelte saker vil ikkje bli tilgjengelege her før over helga).