Saker til kommunestyret 17. mars

Hundepark i sentrum, lånehjelp til Ishavsmuseet og samarbeid om brannvern er nokre av sakene som skal opp i kommunestyremøtet. 

Under følgjer eit samandrag av dei viktigaste sakene.

Møtet blir sendt direkte her på nettsida og på Facebook-sida til Hareid kommune.

 

Interpellasjon: Hundepark i sentrum?

Hege Holstad i Arbeidarpartiet har sendt inn ein interpellasjon* til kommunestyret. Her ber ho om at den gamle leikeplassen ved rådhuset mellombels kan gjerast om til hundepark.

«Det er eit stort ønske om å få hundepark eller friområde for hund i Hareid. Kommunen har ved fleire høve fått konkrete førespurnadar om å opprette hundepark – utan at det har skjedd noko», skriv ho.

Dette vil ikkje koste mykje, peikar ho på. Gjerda er på plass og dei øydelagde leikeapparata må fjernast uansett. På noverande tidspunkt er det ikkje avklara kva området skal nyttast til i framtida, så hundepark kan vere ei mellombels løysing:

«Gjerda er der, og dei rustne leikeapparata må uansett fjernast.  På noverande tidspunkt er det ikkje heilt klart korleis vi skal forvalte parken og området, så hundeparken kan vere ei mellombels bruk av arealet fram til vi konkluderer.

Kostnadane med å opprusting av dette området til hundepark vil vere små. Den største utgifta vil vere å fjerne dei gamle leikeapparata, men den kostnaden vil kommunen få uavhengig av kva arealet skal nyttast til i framtida.

Eg meiner derfor at vi med enkle tiltak kan gjere dette til ein eigna plass som hundepark inntil vidare. Ein liten park vil vere betre enn ingen park.»

Ho ønsker derfor at kommunestyret skal røyste over om dei skal be kommunedirektøren greie ut om området kan nyttast til hundepark.

Les heile interpellasjonen her. (PDF, 219 kB)

* Ein interpellasjon er ein moglegheit for medlemmane i kommunestyret til å setje ei sak på dagsorden. Den som legg fram interpellasjonen kan også fremje eit forslag som kommunestyret må ta stilling til. Les meir om interpellasjonar i reglementet for folkevalde og folkevalde organ kapittel C3.

Kommunal garanti til Ishavsmuseet og kjøp av Polarstar

Ishavsmuseet Aarvak ynskjer, via Veteranskutelaget Polarstar, å kjøpe ishavsskuta M/S Polarstar. I det høve søkjer dei kommunen om kommunal garanti.

Ishavsmuseet Aarvak ynskjer å kjøpe M/S Polarstar. Formålet vil vere utleige, å fremje bevaring og varig vern av skuta, drive formidling av skuta si historie og legge til rette for studiearbeid og forsking.

Veteranskutelaget Polarstar har fått tilbod om lån i Kommunalbanken til 1,8% flytande rente under føresetnad av ein kommunal sjølvskuldnarkausjon. Med denne kausjonstypen vil banken ha rett til å krevje betaling frå kommunen straks lånet eventuelt vert misleghalde, utan å fyrst prøve låntakar for midlar gjennom rettsleg pågang. Dette skil seg frå ein simpel kausjon, der kreditor fyrst vil søkje inndekning med låntakar. Ein sjølvskuldnarkausjon garanterer på denne måten både for betalingsevne og betalingsvilje, og er ei tryggare løysing for banken som gjerne kjem med betre lånevilkår.

Ein utfordrande kommuneøkonomi gjer at alle eventuelle utgifter må vurderast grundig. Med eit beskjedent disposisjonsfond og eit krevjande driftsnivå er det i utgangspunktet ikkje rom for prosjekt som medfører økonomisk risiko. På tross av dette bør tiltak som kan kome lokalmiljøet til gode vurderast særskilt. Dette er eit tiltak som kjem utanom kommunen si kjernedrift og det er såleis mange gode grunnar til ikkje å gå inn i dette. Men her er også mange gode grunnar til at kommunen bør hjelpe til at nettopp dette prosjektet kan realiserast.  Sjølv i ein relativt tøff økonomisk situasjon der ein må sjå med alvor på også den mest beskjedne auken i finanskostnader bør dette vere handterbart for kommunen.

Formannskapet gjekk for kommunedirektøren si tilråding med eit tillegg (punkt 5):

  1. Hareid kommune garanterer med sjølvskuldnarkausjon for lån som Veteranskutelaget Polarstar tek opp til kjøp av M/S Polarstar.
  2. Kausjonen gjeld for lånets hovudstol, maks kr. 7 000 000 med tillegg av 10% av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle renter og kostnadar. Det maksimale kausjonsbeløpet er kr. 7 700 000 som vert redusert i takt med nedbetalinga på lånet.
  3. Kausjonsansvaret gjeld frå låneopptakets dato og i 20 år, med tillegg av 2 år, jfr. garantiforskrifta § 3. 
  4. Garantien skal godkjennast av Statsforvaltaren, jfr. kommunelova §14-19.
  5. Kommunedirektøren greier ut, og ser på moglegheitene for eit samarbeid mellom Ishavsmuseet og Hareid kommune om “Skuleskipet” Polarstar.

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.

LES OGSÅ: Ukrainakrigen: Slik påverker det Hareid kommune

Fornying av avtale om vertskommunesamarbeid om brannvern

Samarbeidet om felles brannvernteneste mellom Hareid og Ulstein kommunar vart iverksett 01.01.2018.  I denne saka vert det tatt stilling til om Hareid kommune skal halde fram med samarbeidet.  Viss kommunestyret vedtar å halde fram med samarbeidet, må kommunestyret og ta stilling til om det framlagte utkastet til revidert avtale om brannvernsamarbeid kan godkjennast eller ikkje.

Erfaringane med brannvernsamarbeidet har så langt vore delte. Det er ikkje vanskeleg, ut frå evalueringsrapporten som vart lagt fram i kommunestyret i fjor, å sjå at det tvillaust ligg føre forbetringspotensiale knytt til kommunikasjonen og organiseringa av tenesta.  I tillegg har ei undersøking blant brannmannskapa ikkje peika på at samanslåinga har betra tenesta.

På basis av dette er det nok mogleg å konkludere med at samarbeidet så langt ikkje har svara til forventningane.  Administrasjonen tar desse signala på alvor og vil vere tydeleg på at dette er utfordringar som bør løysast, om brannvernsamarbeidet skal ha noko framtid.

På den andre sida kan det seiast at brannvernsamarbeidet enno er av høvesvis ny dato og at det ikkje er uvanleg å rekne med ein viss innkøyringsproblematikk i slike samarbeid.  Pandemisituasjonen, som i skrivande stund starta for om lag to år sidan, har sjølvsagt heller ikkje vore til gunst for nokon.

Vi må og erkjenne at det vil finnast både økonomiske og administrative utfordringar til ei eventuell reetablering av eige brannvesen i Hareid.  Det må mellom anna tilsettjast eigen brannsjef, befal og beredskapsstyrke. Kor manga av dei som no er ein del av brannstyrken som blir med over til Hareid er uvisst.

Vi har difor vurdert det slik at det er meir som talar for å halde fram med brannvernsamarbeidet med Ulstein kommune, enn det er som talar mot.  Men berre dersom det lykkast å etablere større fokus på tenestekvalitet, organisering, leiing og kommunikasjon.  Alt dette må sjølvsagt skje gjennom den daglege drifta, der intensjonane i den reviderte samarbeidsavtalen må leggast til grunn.   

Formannskapet innstiller på at Hareid kommune held fram med samarbeidet med Ulstein.

Saka skal endeleg avgjerast av kommunestyret.

Etablering av grunnkjøpspakke

Gjennom året kan det dukke opp uføresette behov for midlar knytt til ymse grunnkjøp. Kommunen bør ha ein «grunnkjøpspakke» utover planlagde investeringar i investeringsbudsjettet.

Behovet for grunnkjøp varierer, og midlar til dette bør i utgangspunktet løysast i budsjettsamanheng. No har det kome nokre kjøpsmoglegheiter vi bør nytte oss av. Dette utløyser behov for finansiering og kommunen treng ein grunnkjøpspakke som ein kan ta av og opprette eigne prosjekt for å finansiere enkeltkjøp/prosjekt.

Formannskapet innstiller på kommunestyret går for å etablere grunnkjøpspakke.